Tre drap etter klappjakt i Algerie

Soldatar i Algerie har drepe tre væpna personar etter ei klappjakt aust for hovudstaden Alger.

Ifølgje algeriske media er dei drepne islamistar som blei stogga ved ein av kontrollpostane til hæren utanfor Alger.

Dei hadde då vore forfølgt av sikkerheitsstyrkar frå hovudstaden, skriv avisa El Watan.

Alle dei drepne skal ha vore væpna med Kalasjnikov-gevær.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt