Hopp til innhold

Tre dømde for direktesendt valdtekt

Tre menn på 18, 21 og 24 år er dømde til mellom seks månader og tre års fengsel for valdtekt av ei 30 år gammal kvinne, og for å ha filma og sendt ugjerninga direkte på Facebook.

Valdtekta skal ha skjedd tidleg på morgonen 22. januar i år.

18-åringen er dømd til fengsel i eitt år for valdtekt og narkotikabrotsverk.

21-åringen er dømd til fengsel i tre år for valdtekt, medverknad til valdtekt og narkotikabrotsverk.

24-åringen er dømd til fengsel i seks månader for å ha filma og sendt direkte frå det som skjedde. Han er også dømd for ikkje ha prøvd å hindre valdtekta, for fyllekøyring og narkotikabrotsverk.

Hugsar lite

Dei tre vart varetektsfengsla 25. januar. Den yngste av dei tre er sett fri, men 21-åringen og 24-åringen framleis er fengsla. Kvinna har forklart til politiet at ho hugsar lite av det som skjedde den aktuelle natta.

Ho skal ha vore sterkt påverka av alkohol og narkotika.

Angivelig gruppevoldtekt vist på Facebook. Statsadvolkat Magnus Berggren.

Statsadvokat Magnus Berggren er aktor i saka mot dei tre som skal valdteke ei kvinne, filma og sendt ugjerninga direkte på Facebook

Foto: Henrik Montgomery/tt / NTB scanpix

Dei to yngste var tiltalte for sjølve valdtekta, medan 24-åringen var tiltalt for medverknad til valdtekt og for filminga. I dommen heiter det at kvinna ikkje var i stand til å motsetje seg at dei to forgreip seg på henne.

Politiet fekk kjennskap til valdtekta etter at fleire som såg den direktesende valdtekt varsla dei om. Dei tre mennene vart arresterte på staden der dei gjennomførte valdtekta.

Trass i at politiet stansa sendinga er filmen ifølgje aktor i saka spreidd til heile verda og omsett til rundt ti ulike språk. Ifølgje SVT er det snakk om to ulike direktesendingar,

Filmen vart sendt på ei lukka Facebook-gruppe med 60.000 medlemer.

– Bør få streng treng straff

Aktor Magnus Berggren har tidlegare sagt til TT at han reknar med ei streng straff for brotsverket.

Alle dei tre tiltalte nektar for å ha gjort seg skuldig i noko ulovleg. Alle er kjende av Uppsala-politiet frå tidlegare.

I slutten av mars i år melde SVT at politiet i Uppsala etterforska ei ny sak der ei valdtekt vart lagt ut på sosiale medium, denne gong på Snapchat. Ein mann vart arrestert, medan politiet etterlyste to andre i samband med saka.

SISTE NYTT

Siste nytt