Hopp til innhold

Tre døde etter skyting i Nederland

Ein student skal ha skote og drepe tre personar i eit hus og eit klasserom, før han skal ha sett fyr på begge stadane. Angrepet skal vere målretta.

Tilsette ved sjukehuset i legeuniform spring i same retning.

KAOTISK: Vitne på staden skildra ei kaotisk stemning før gjerningspersonen blei pågrepen.

Foto: BAS CZERWINSKI / AFP

Den 32 år gamle mannen er pågripen etter to skyteepisodar i Rotterdam i Nederland torsdag. Han skal vere mistenkt for både skyting og for å ha starta to brannar.

Politiet trur han handla åleine, og at det var målretta.

Han skal først ha tatt seg inn i hus nær Rotterdam sentrum, der han skal ha skote og drepe ei 39 år gammal kvinne og den 14 år gamle dottera hennar. Dei skal ha vore naboar med den mistenkte.

Før han reiste vidare, skal han ha sett fyr på huset.

Deretter skal han ha køyrd om lag ein kilometer, og gått inn på det medisinske fakultetet ved universitetssjukehuset Erasmus. Her skal han ha tatt seg inn i eit klasserom og skote ein 46 år gammal mannleg lærar, før han også her starta ein brann.

Læraren skal ha døydd av skadane.

uniformerte politimenn spring i same retning.

Eit stort politioppbod rykte ut til to adresse i Rotterdam etter meldingar om skyting torsdag ettermiddag.

Foto: BAS CZERWINSKI / AFP

Tilknytt universitetet

Ifølge Reuters skal mannen vere tilknytt universitetet som student.

Under politiet sin pressekonferanse skal dei ha fått spørsmål om gjerningspersonen skal ha fått avslag på eit kurs ved det medisinske fakultetet. Ordførar i Rotterdam, Ahmed Aboutaleb, svarte at det er «noko vi tar omsyn til».

Den nederlandske avis De Telegraaf skriv at han er ein «kjenning av politiet», og at han tidlegare skal vere tiltalt og dømd for dyremishandling.

Brannbil og brannmannskap står utanfor eit murhus.

Kvinne og tenåringsdottera som blei skoten og drepen av den 32 år gamle studenten, skal ha vore naboar med mannen.

Foto: MARCO VAN DER CAAIJ / AFP

Kaotiske scener

Sirener skal ha gått av over heile byen om lag klokka halv tre torsdag ettermiddag, før tungt væpna politi skal ha rykt ut. Folk som var i området, skal ha fått beskjed om å gå med henda i vêret. Det fortel vitne til journalistar i De Telegraaf.

På X/Twitter skal politiet ha bedt om hjelp til å finne han, og lagt ved nødvendige karakteristikkar av personen:

– Gjerningspersonen kan vere på ein motorsykkel. Han har på seg militærklede, er høg, har svart hår, kan vere i midten av 20-åra, og har på ryggsekk og hovudtelefonar. Han har eit handvåpen.

Ein og ein halv time seinare melder politiet at dei har arrestert ein mistenkt.

SISTE NYTT

Siste nytt