Nesten 300 personar har så langt mista livet etter at fleire bomber gjekk av på Sri Lanka 1. påskedag. Blant dei døde var tre av barna til det danske milliardærparet Anne og Anders Holch Povlsen, som blant anna eig kleskonsernet Bestseller.
Det stadfestar kommunikasjonssjef i Bestseller, Jesper Stubiker, overfor den danske avisa B.T.:
– Det kan vi dessverre bekrefte. Vi ber om respekt for privatlivets fred, og vi har difor ikkje fleire kommentarar, skriv han i ein e-post.
Familien var på påskeferie på Sri Lanka då terroren råka.
Danmarks rikaste
Povlsen er administrerande direktør i Bestseller, som er Danmarks største kleskonsern med nesten 3.000 butikkar i 70 land. Selskapet blei etablert i 1975 av foreldra til Anders Holch Povlsen. Han er ifølgje Ekstrabladet Danmarks rikaste mann.
Bestseller står bak kjedebutikkar som Jack & Jones, Vero Moda, Only, Selected og Pieces, skriv Berlingske.
B.T. skriv at Povlsen kan vere god for 53 milliardar danske kroner. I tillegg til å eige Bestseller, har han også aksjar i butikkjeda Normal, nettbutikken Zalando og betalingsselskapet Klarna. Han eig også 89.000 hektar land i Skottland, og er med det den største private jordeigaren i landet.
- Les:
- Les:
Povlsen blir rekna som svært mediesky, og har alltid skåna barna frå rampelyset. Ifølgje Ekstrabladet finst det ikkje eitt pressebilde av familien saman. Alderen på barna kjem heller ikkje fram i pressedekninga av familien.
Sjølvmordsbombarar
Det var sju sjølvmordsbombarar som stod bak dei kraftige eksplosjonane som ramma kyrkjer og hotell på Sri Lanka søndag. Det opplyser kriminalteknikar Ariyananda Welianga til nyheitsbyrået AP.
Sverre Tom Radøy rapporterer direkte frå Colombo etter at fleire sjølvmordsbombarar angrep kyrkjer og hotell i den srilankiske hovudstaden.
Det er sett i gang ei omfattande etterforsking, og minst 24 personar er arresterte så langt.
Styresmaktene har så langt ikkje sagt kven dei gripne er. Men både statsminister Ranil Wickremesinghe og politiet seier det er snakk om lokale namn, men at dei også ser på moglege internasjonale forgreiningar.
Ingen har så langt teke på seg skulda for angrepet.
Politiet på Sri Lanka undersøker ei av kyrkjene der ein sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv i lufta påskemorgon. Kyrkja skal ha vore fullsett.
Foto: Gunnar Bratthammer / NRK- Les:
Portforbod
Måndag morgon heva styresmaktene portforbodet som blei innført søndag. Men måndag kveld, lokal tid, innfører styresmaktene eit nytt portforbod i hovudstaden Colombo.
Det er minst 35 utlendingar blant dei drepne. I tillegg er minst 19 utlendingar skadde på sjukehus.
Måndag var det tomt framfor buene på flyplassen i Colombo som sel rom til hotella som blei råka av terror søndag.
Foto: Gunnar Bratthammer / NRKI tillegg til dei tre danske barna, skal statsborgarar frå blant anna USA, Storbritannia, Kina og Japan vere blant dei drepne.
Ifølgje AP stadfestar også den australske statsministeren, Scott Morrison, at to frå Australia også er blant dei døde. I tillegg er to skadde i bombeangrepet på Sri Lanka.
Det har så langt ikkje kome meldingar om norske dødsoffer. Utanriksdepartementet har oppdatert reisevarselet sitt, og rår frå alle reiser og opphald som ikkje er strengt naudsynte.