Hopp til innhold

Tre amerikanske soldatar drepne

Tre amerikanske soldatar er drepne i eit bombeåtak aust i Afghanistan, opplyser det amerikanske forsvaret.

AFGHANISTAN-UNREST

Førre veke vart åtte amerikanske soldatar drepne i Kandahar-provinsen i Afghanistan. No opplyser det amerikanske forsvardepartementet at tre nye soldatar nyleg vart drepne i krigen mot Taliban.

Foto: MASSOUD HOSSAINI / Afp

Soldatane vart drepne då ei amatørbombe gjekk i lufta laurdag førre veke, heiter det i ei kunngjering.

373 ISAF-soldatar drepne i år

Forsvarsdepartementet har førebels ikkje kome med fleire detaljar om kven dei drepne soldatane er, kvar åtaket skjedde eller kven som stod bak. Departementet har varsla at dei vil frigje meir informasjon på eit seinare tidspunkt.

Hittil i år er 155 amerikanske soldatar drepne i krigen i Afghanistan, syner tal frå den uavhengige nettstaden iCasualities.org. Talet på internasjonale soldatar som har mista livet i 2011 er no oppe i 218.

Meldinga om dei tre drepne soldatane kjem like etter at åtte amerikanske soldatar vart drepne i to påfølgjande bombeåtak i Shoranak-distriktet i Kandahar torsdag førre veke

Ti år lang krig

Taliban har i ti år kjempa for å kasta utanlandske styrkar ut av Afghanistan.

Den USA-leidde invasjonen av landet starta etter 11. september 2001, og tvinga islamistane frå makta.

Det er om lag 130,000 ISAF-soldater i det krigsherja landet. Rundt 90,000 av desse er frå USA.


SISTE NYTT

Siste nytt