Hopp til innhold

Trassar protestforbod i Bahrain

Fleire tusen menneske trassa demonstrasjonsforbodet i Bahrain og samla seg fredag til nye protestar mot styresmaktene.

Bahrain

Statua på Perleplassen i Bahrain blei fredag lagd i grus av styresmaktene. Årsaka var at minnesmerket hadde vorte eit symbol for den pro-demokratiske rørsla i landet.

Foto: HAMAD I MOHAMMED / Reuters

Bahrain

Slik såg minnesmerket på Perleplassen ut før og etter at styresmaktene gjekk til åtak på den med gravemaskinar.

Foto: HAMAD I MOHAMMED / Reuters

I byen Draz ropar folk slagord mot styresmaktene, trass i at det er innført eit forbod mot demonstrering.

– Me ofrar blodet og sjelene våre for Bahrain, ropa de fleire tusen demonstrantane som strøymde ut i gatene etter fredagsbøna.

Raserte symbolsk statue

På Perleplassen i hovudstaden Manama har styresmaktene i dag brukt gravemaskin og boreverktøy for å øydeleggja ei statue som hadde vorte sjølve symbolet for den pro-demokratiske rørsla i landet.

Boringa og gravinga gjekk føre seg i fleire timar før statua til slutt kollapsa i ein ruinhaug av sement og stål.

Statua bestod av seks søyler med ei perle i midten. Monumentet vart reist tidleg på 1980 talet til minne om danninga av Samarbeidsrådet for dei arabiske statane i Golfen (GCC).

Drap og arrestasjonar

Protestane i Bahrain tok til for over ein månad sidan. I løpet av den siste veka har styresmaktene gått hardt til verks for å få bukt med opprørarane.

I går vart seks opposisjonsleiarar rresterte, og onsdag vart minst to drepne og 200 skadde i samanstøytar i det sunni-styrte kongedømet.

Det vert rapportert om tilfeldige arrestasjonar og drap på sivile. Onsdag erklærte Kong Hamad av Bahrain unntakstilstand i landet i dei kommande tre månadene på grunn av den vedvarande uroa i landet.

Har hatt makta i 200 år

Opposisjonen krev djuptgåande demokratiske reformar i det sjiamuslimske landet som har vorte styrt av det same sunnimuslimske dynastiet i meir enn 200 år.

I dag er regimekritikarane nok ein gong på plass i gatene for å markera sin motstand mot unntakstilstanden og mot regjeringsstyrkane sin valdsbruk.

1000 saudiske soldatar og 500 politifolk frå Dei sameinte arabiske emirata vart nyleg sende inn i øystaten for å bistå regjeringsstyrkane med å slå ned på opprøret.

FN sjokkert over Bahrain

Sjefen for menneskerettar i FN, Navi Pillay, er kraftig sjokkert over styresmaktene si handtering av situasjonen.

– Styresmaktene er forplikta til å verna om borgarane sin rett til liv og helse. Etter rapportane me får, gjer dei det motsette. Det er heilt uakseptabelt, seier Pillay som fordømmer valdshandlingane i Bahrain.

SISTE NYTT

Siste nytt