Hopp til innhold

Tragedien John McAfee

SAN PEDRO, Belize (NRK.no) Historia om virusprogram-gründer John McAfee vert meir og meir bisarr for kvar dag etter at han la på flukt då naboen vart drepen.

John McAfee på veg til sjukehus

John McAfee vart funnen på golvet i arresten i Guatemala. Han vart sendt til sjukehus for ei undersøking.

Foto: Moises Castillo / Ap

Jonas Sætre, Belize

Onsdag vart McAfee arrestert i Guatemala då ha søkte asyl i landet, men han vart arrestert for å tatt seg ulovleg inn i landet.

Ved eigedommen hans i San Pedro i Belize er det lite som vitnar om dramaet som utspelar seg, og de tilsette er sikre på at ting vil gå tilbake til det normale.

(Saka held fram under biletet)

Huset til John McAfee

Det er paradisisk stemning utanfor den svære eigendomen til dataguru og mangemillionær John McAfee i San Pedro i Belize.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Her på «La Isla Bonita», som Madonna gjorde kjend i musikkvideoen med same namn, er det palmar og asurblått hav så langt ein kan sjå, og lite som minner om dramatikken som utspelar seg i verdspressa.

Berre eit steinkast unna ligg huset til den einaste naboen til McAfee, som vart funnen drepen for tre veker sidan.

Fire hundar vart forgifta

På eigendomen, der McAfee tok i mot gjester kvar veke og behandla dei som kongar, verkar det som om ingenting har skjedd. Tre tilsette jobbar framleis med å halde eigendomen ved like, og hundane hans går fritt rundt. Det vil seie, dei som framleis er i live. Det er nemleg her heile historia skal ha starta.

McAfee eigde 13 hundar, og lot dei gå fritt rundt utanfor eigendomen. Nokre av dei skal ha vore aggressive og eit stort irritasjonsmoment blant lokalbefolkninga på øya, etter det NRK.no får opplyst. Dette skal ha resultert i at McAfee ein dag fann fire av hundane sine døde og forgifta.

Same dag fekk politiet ein rapport om dette frå McAfee sine tilsette, med sterke skuldingar mot at det var den kanadiske naboen som sto bak. Det hadde vore lange kranglar mellom McAfee og den kanadiske naboar.

Knappe to dagar seinare var den kanadiske naboen funnen drepen i huset sitt.
Sidan denne episoden har John McAfee konstant vore på rømmen – sjølv om han ikkje er formelt sikta i saka.

(Saka held fram under biletet)

Huset til naboen til McAfee

Her vart kanadiaren funnen drepen ein søndag for snart ein månad sidan. Huset til John McAfee ligg eit steinkast unna.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Gjømde seg i sanden

Han grov seg ned i sanden då politiet ville prate med han, gøymte seg i jungelen i Belize i fleire veker, og er no i Guatemala, der situasjonen hans er høgst uavklart.

Den bisarre historia er langt frå over, og siste nytt er at John McAfee er innlagt med milde hjarteåtak i Guatemala City. Dette etter at det vart bestemt av styresmaktene i Guatemala å deportere han tilbake til Belize.

NRK.no møter Michael, ein av tre tilsette som framleis arbeider ved McAfee sitt hus i San Pedro. Han får framleis utbetalt løn kvar veke, trass i at McAfee har vore på rømmen i snart ein månad, og sjefen for forretningane til McAfee sit låst inne i ei fengselscelle i hovudstaden Belize City etter at politiet fann våpenet hans i McAfee sitt hus.

– Han er ein snill mann

Vaktmeisteren til McAfee

Michael er ein av vaktmeistrane som framleis arbeider på eigedommen til McAfee. Han trur sjefen ikkje har gjort noko gale.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Michael er likevel ikkje redd for å miste jobben sin, og seier det er fordi han er sikker på at McAfee vil bli reinvaska.

– Eg veit at McAfee ikkje har gjort noko gale. Han er ein tvers gjennom snill mann som vil alle det beste. Til dømes gav han meg plutseleg ein dag ein stor flatskjerm-tv. Eg har aldri før eigd ein TV.

Michael, som ikkje ønskjer å gi etternamnet sitt, seier at alle som jobbar for McAfee er sikre på at sjefen er uskuldig, og at dei ikkje vil miste jobbane.

– McAfee seier at han trur politiet er ute etter å drepe han, og at det er difor han ikkje vil melde seg. Dette høyrest vilt ut for mange. Trur du politiet her i Belize ville ha gjort noko slikt?

– Eg trur på han når han seier at politiet er ute etter han, seier vaktmeisteren som etter kvart vert meir ordknapp.

Gav mykje til politiet

Men det er akkurat her dei fleste begynnar å stusse. McAfee har vore svært sjenerøs med pengane sine overfor lokalbefolkninga i Belize, spesielt til politiet.

Han har donert store middel til den lokale politistasjonen og kjøpt inn dyrt utstyr til dei. Det store spørsmålet er då kva interesse politiet har av å drepe ein uskuldig mann som har tidlegare har gitt dei så mykje pengar.

Det lokale politiet i San Pedro ønskjer ikkje å uttale seg om saka til NRK.no, og visar til det nasjonale politiet i Belize City. Dei seier at det ikkje er noko dei kan gjere før styresmaktene i Guatemala avgjer kva dei vil gjere med McAfee.

– Me ventar på at han skal bli utlevert til Belize City, men me veit framleis ikkje kva tid dette vil skje. Når han kjem hit vil han bli varetektsfengsla så lenge etterforskinga held fram, seier presseoffiser Raphael Martinez ved politiet i hovudstaden til NRK.no.

Har ikkje ressursar til å etterforske

Men det er også mange som undrar seg over kva politiet og styresmaktene i Belize eigentleg har gjort i høve til mordgåta, som er langt frå oppklara. Det er mykje vald, og mange drap i det vesle landet som har under 350 000 innbyggjarar. Over 90 prosent av drapa som skjer vert aldri oppklara.

Politiet har ikkje ressursar og utstyr til å etterforske drap ved å leite etter fingeravtrykk.

Difor er det høgst usikkert om dei no, snart ein månad etter drapet, vil ha tilstrekkeleg bevismateriale til å dømme McAfee for drapet – dersom det faktisk er han som står bak det.

Men statsministeren i Belize, Dean Barrow, lovar at McAfee skal bli behandla med respekt dersom han kjem til Belize og «mannar seg opp å respekterer lovane våre».

– Eg vil ikkje vere frekk, men han verkar ekstremt paranoid, for å ikkje seie heilt galen for at han ikkje kjem og snakkar med politiet, sa statsminister Barrow.

John McAfee, grunnleggjaren av virusprogramvaren McAfee har levd eit svært eksentrisk liv etter at han selde selskapet sitt på 1990-talet. For tre år sidan flytta han til Belize for å sleppe unna høge skattar i USA.

Han har dei siste åra mykje av tida brukt tida si på yoga og naturleg medisin.

SISTE NYTT

Siste nytt