Hopp til innhold

Tove Bjørgaas blir NRKs nye USA-korrespondent

Frå nyttår tek Tove Bjørgaas (48) fatt på sin tredje periode som NRKs korrespondent i Washington. Ho seier ho gler seg til å dekke utviklinga i landet framover.

Tove Bjørgaas

NY RUNDE: Tove Bjørgaas tek frå nyttår fatt på sin tredje runde som USA-korrespondent for NRK.

Tove Bjørgaas første periode som korrespondent i Washington var mellom 2006 og 2010. Fire år seinare var ho tilbake i sin andre periode mellom 2014 og 2018.

Ho kom til USA for første gong som 16-åring, og har budd i USA i til saman 14 år.

Ho har vore med å dekke seks amerikanske presidentval. Men medan presidentane i USA berre kan bli valde for to periodar, tek Bjørgaas fatt på sine tredje periode som NRKs korrespondent frå og med 1. januar 2022.

– Eg brenn verkeleg for USA der eg har vore mange år av livet mitt. Dei siste åra har vore svært dramatiske for amerikanarane. Eg gler meg til å fortelje frå dette landet slik det utviklar seg etter pandemien og etter Trump, seier ho.

Ho skal dekke det amerikanske kontinentet saman med NRKs andre USA-korrespondent, Lars Os, som blei utnemnd tidlegare i år.

Skreiv Obama-bok

Bjørgaas har mastergrad i internasjonal økonomi og amerikansk utanrikspolitikk frå Johns Hopkins University i Washington DC. I tillegg har ho studert journalistikk ved Høgskolen i Oslo.

Ho har jobba i utanriksredaksjonen til NRK sidan 2003.

Dei siste åra har ho vore ein av programleiarane for podkasten «Krig og Fred».

Ho har også skrive boka «Frykt og Forandring: Barack Obamas USA» om dei første åra av Obamas presidentskap.

Erfaren reporter

Fungerande fagredaktør i NRK, Sigurd Falkenberg Mikkelsen er godt nøgd med å kunne sende ein så erfaren utanriksreporter til USA no.

– Tove Bjørgaas er ein av våre mest erfarne utanriksjournalistar. Ho har tett og nær kunnskap til USA som ho har opparbeidd seg gjennom fleire tiår. Ho har gjennom valkampen og valet i fjor vist at ho kan formidle ein komplisert politisk situasjon på ein god og tilgjengeleg måte.

Han gler seg til å sjå korleis ho vil dekke perioden USA no går inn i.

– Sjølv om nyheitstrykket er mindre etter at Donald Trump tapte valet, er ikkje USAs problem løyste.

SISTE NYTT

Siste nytt