Tornadoen som toppa skalaen til National Weather Service med toppvurderinga på EF-5 for vindfart, breidde og skadeomfang, genererte større energi enn atombomba som trefte Hiroshima under andre verdskrig, skriv CBS News.
I alt 24 personar er omkomne etter tornadoen i Oklahoma, ni av desse er born.
Kan ha vore 600 gongar sterkare enn atombomba
Fleire meteorologar som nyheitsbyrået AP har snakka med, brukte sanntidsmålingar for å rekne ut energien som blei frigjort under den éin time lange levetida til tornadoen.
Dei anslår at tornadoen si kraft varierte mellom åtte til 600 gongar sterkare enn krafta av Hiroshima-bomba.
Atombombene som blei slupne over Hiroshima og Nagasaki 6. og 9. august 1945 tok i alt 120.000 menneskeliv. Dei døydde av direkte dødeleg stråling, brannskadar og skadar av flygande gjenstandar.
Saka held fram under biletet
ARKIVFOTO: Atombomba i 1945 la Hiroshima øde. Meteorologar i USA anslår at tornadoen i Oklahoma var åtte til 600 gongar sterkare enn bomba.
Foto: Stanley Troutman / Ap– Eksepsjonelt kraftig tornado
Redningsarbeidarar jobba døgnet rundt for å leite etter eventuelle overlevande i ruinane etter tornadoen i Moore, Oklahoma. Seint tysdag kveld norsk tid blei søket etter overlevande avslutta, og oppryddingsarbeidet tok til.
- LES OGSÅ:
Tornadoen som råka byen Moore i går hadde ei fart på over 230 kilometer i timen og ei breidde på 3 kilometer.
– Det er lenge for ein vanleg tornado, men ikkje uvanleg for ein tornado på denne storleiken, ifølgje meteorolog Harold Brooks ved National Severe Storms Laboratory i Norman, Oklahoma.
ØYDELAGT: Heile nabolag blei jamna med jorda etter tornadoen i Moore, Oklahoma.
Foto: Tony Gutierrez / Ap– Mindre enn éin prosent av alle tornadoar i USA har er så kraftige som denne, seier Brooks.
– Kombinasjon av geografi, meteorologi og uflaks
Dette er den tredje sterkaste stormen som har treft Moore på 14 år. Årsaka til at akkurat denne byen er utsett, skal vere ein kombinasjon av geografi, meteorologi og mykje uflaks, ifølgje ekspertar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Moore ligg rett og slett midt i krysninga der vêrforholda av varm, fuktig luft og sterk vind kryssar kvarandre, og skapar eit klima som trengst for å forme tornadoar.