Hopp til innhold

Tornado raserte restaurant

Eit overvakingskamera fanga opp kaoset som oppstod då ein kraftig tornado raserte ein fullsett restaurant i Javea utanfor Valencia.

Video nsps_upload_2009_9_18_20_37_49_2017.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video frå overvakingskameraet.

Det var ved 15.30 torsdag det skjedde. Det var så og seie fullt i restauranten, og gjestane ante fred og ingen fare.

Dette trass i at det har vore fleire slike tornadoar i Valencia-området den siste tida.

Med eitt lyfte tornadoen med seg taket på restauranten, og bord og stolar vart slengde veggimellom av dei ville naturkreftene.

Folk vart livredde og prøvde å kome seg på ein trygg stad. Men like plutseleg som tornadoen starta herjingane sine, så vart det stille igjen.

- Eg såg tornadoen kome som ei svart sky mot oss, seier Sara Soler, som arbeider på restauranten.

Restauranteigar Juan Soler seier at tornadoen kom like raskt som ein bombeeksplosjon.

To gjestar vart lettare skadde, medan ein mann vart sitjande fastklemd blant restar frå det kollapsa taket.

LES OGSÅ: Basseng fløy tre mil

SISTE NYTT

Siste nytt