Ålgård baptistkyrkjelyd har fått ein del ufrivillig merksemd den siste veka etter at tilsette i kyrkja malte seg svarte i ansikta då dei arrangerte Kongo-dag førre søndag.
- LES OGSÅ:
Kyrkjelyden støtter eit prosjekt i Kongo, og ville lære borna om landet. Difor kledde dei tilsette seg ut og tok med borna på ei «reise» til Kongo. Det var lokalavisa Gjesdalbuen som skreiv om saka først.
Demokratar i hardt vêr
«Blackface»-debatten er ikkje ny, men den er langt meir til stades i USA, der den for tida pregar overskriftene i dei fleste medium. Også verdskjente komikarar som Trevor Noah og Stephen Colbert har teke opp temaet i sine program.
Det er biletet av ein guvernør frå Demokratane, Ralph Northam, som skaper mest merksemd. Då han studerte medisin på 80-talet deltok han på ein utkledingsfest, der han møtte opp med svart ansiktsmåling og afroparykk.
- LES OGSÅ:
I årboka til medisinstudiet ved Eastern Virginia Medical School for 1984 står han på sida av ein medstudent som er kledd ut som eit medlem av den høgreekstreme hatgruppa Ku Klux Klan. Northam innrømma først at det var han som var avbilda, før han seinare trakk tilbake tilståinga. Han har ikkje kommentert saka dei siste dagane.
Ein av fleire demonstrantar som denne veka har kravd at Ralph Northam må gå av som guvernør i Virginia.
Foto: LOGAN CYRUS / AFPNortham har også innrømma å ha farga ansiktet svart då han forsøkte å sjå ut som Michael Jackson under ein dansekonkurranse, og i den allereie nemnde årboka fekk han også kallenamnet «coonman» – som vert brukt som eit nedsettande utsegn på svarte personar.
Fleire har meint at guvernøren må gå av, både demonstrantar og partifellar i Demokratane som meiner partiet må vise at dei stiller same krav til sine eigne folk som dei stiller til andre.
Også statsadvokat i hardt vêr
Ein av dei som har sagt at guvernøren bør gå av er statsadvokaten i Virginia, Mark Herring. Men også han må no svare for seg, for i dag gjekk han ut i ei pressemelding og innrømma at han kledde seg i afroparykk og malte ansiktet svart då han gjekk på college i 1980. Han seier at han og nokre kompisar ville kle seg ut som nokre rapartistar dei likte å høyre på.
Historiene ligg nesten 40 år tilbake i tid, men forargar mange i eit land der mange er etterkommarar av slavar, og der forskjellane framleis er store mellom svarte og kvite. I tillegg var den aktuelle staten, Virginia, ein av statane kor slaveriet fekk halde på lengst, og kor mange kjempa for å kunne halde fram med slaveri.
– Dette skjedde berre ei gong, og eg tek fullt ansvar for handlinga mi. Denne handlinga viser tydeleg at, som ein ung mann, hadde eg ein kynisk og uakseptabel mangel på omsyn og omtanke for den skaden som mi handling kunne påføre andre, skriv Herring i utsegna der han altså tek avstand frå handlinga si.
Demonstrasjonane har vore fleire, og det er ikkje berre mørkhuda amerikanarar som har engasjert seg.
Foto: Steve Helber / APKan bli mannefall
Spørsmålet er no om fleire i toppen av Virginia sitt politiske styre er nøydde til å gå av. Northam er på toppen som guvernør, men også hans erstattar og viseguvernør, Justin Fairfax, er i hardt vêr etter skuldingar om seksuell trakassering. Deretter er det eigentleg den nemnde statsadvokaten, Herring, som er nummer tre i rekka.
Om alle tre må gå er det nestemann på lista, republikanaren Kirk Cox, som kan bli fungerande guvernør. Førebels har ingen av dei tre som no får kritikk trekt seg frå sine posisjonar. Men demonstrantar har demonstrert, og mange amerikanarar med mørk hud har reagert kraftig på at deira øvste representant har gjort det han har gjort.
Antirasistisk senter: – Tankelaust
Når det gjeld saka frå Ålgård skriv landbruksminister og fungerande leiar i KrF, Olaug Bollestad, i ein SMS til Stavanger Aftenblad at det er leit at nokon oppfattar arrangementet som sårande, og at ein må ta tilbakemeldingane på alvor.
Leiaren av kyrkjelydsrådet i Ålgård baptistkyrkjelyd, Klaus Hestnes, seier han er overraska over kritikken som mellom andre Antirasistisk Senter har kome med. Dei kallar det heile for «tankelaust», og meiner det er tydeleg at arrangørane ikkje kjenner til «blackface»-debatten.