NRK Meny
Normal

Toppolitikar drepen i Pakistan

Politikaren Zahra Shahid Hussain er skoten og drepen utanfor heimen sin i Karachi.

Zahra Shahid Hussain

Zahra Shahid Hussain var nestleiar og ein av grunnleggjarane av Pakistan's Movement for Justice party (PTI).

Foto: Insaf TV

Imran Khan

Den tidlegare cricketstjerna Imran Khan er leiar for Pakistan's Movement for Justice party, der Zahra Shahid Hussain var nestleiar.

Foto: HO / Afp
Altaf Hussain

MQM-leiar Altaf Hussain har kome med trugsmål mot PTI-politikarar, men fordømmer i dag drapet på Zahra Shahid Hussain.

Foto: HO / Afp

Hussain er nestleiar i Pakistan's Movement for Justice party (PTI), og ein av grunnleggjarane av partiet. PTI er leia av den tidlegare cricketstjerna Imran Khan.

Drapet skjer same dag som velgarane i området skal stemme på nytt, etter parlamentsvalet førre søndag. Det lokale omvalet har vore svært omdiskutert, og kom i stand etter at Khan og Hussain sitt parti skulda det største partiet i byen, MQM, for omfattande valfusk og for å ha lagt press på veljarar. MQM avviser alle skuldingane.

Skuldar på erkerivalen

Den pakistanske nettavisa Dawn melder at drapet skal ha vore eit mislukka ransforsøk, men dette er ikkje stadfesta.

PTI-leiar Imran Khan har derimot skulda MQM-leiar Altaf Hussain for drapet. I ein tweet skriv Khan at Altaf Hussain er ansvarleg for drapet fordi han opent har truga Khan og andre PTI-aktivistar på livet på offentleg TV.

Altaf Hussain har også fordømt drapet.

Var britisk statsborgar

Khan legg òg skuld på britiske styresmakter som han fleire gonger har advart om trugsmåla mot PTI-politikarar. Zahra Shahid Hussain var nemleg britisk statsborgar.

Hussain skal raskt ha blitt frakta til sjukehus, men døydde på veg dit av skadane ho var påført.

Dei to gjerningsmennene skal ha stukke av frå åstaden på motorsykkel, melder Times of India.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt