NRK Meny
Normal

Topplaus-feministar dømde til fengsel i fire månader i Tunisia

Tre europeiske topplaus-aktivistar, knytte til feministgruppa Femen, vart i dag dømde til fengsel i fire månader i Tunisia.

Femen-demonstrasjon framfor den tunisiske ambassaden i Madrid.

Demonstrantar frå den spanske delen av Femen markerte sitt syn utanfor den tunisiske ambassaden i Madrid i dag.

Foto: JUAN MEDINA / Reuters

Dei tre kvinnene, to franske og ei frå Tyskland, vart dømde for å ha brote reglane for anstendig framferd, for å ha fornærma dei rådande moralnormene i landet og for å ha forstyrra ro og orden.

Demonstrerte utanfor rettslokale

Den tunisiske femen-aktivisten Amina Sboui.

Den tunisiske Femen-aktivisten Amina Sboui vart fengsla fordi ho deltok i ein topplaus-protest.

Foto: SALAH HABIBI / Afp

Det var 29. mai i år dei tre kvinnene vart arresterte då dei heldt ein demonstrasjon framfor ein rettsbygning i hovudstaden Tunis. Slik Femen alltid gjer når dei protesterer var dei tre kvinnene topplause, og dei vart raskt arresterte av politiet.

Protesten utanfor rettsbygningen var for å fremje eit krav om at ein tunisisk medlem av Femen, Amina Sboui (også kjend som Amina Ryder), må setjast fri frå fengsel.

Ho vart arrestert etter å ha gjennomført ein topplaus-demonstrasjon mot ein ultrakonservativ islamsk konferanse tidlegare i år.

– Ikkje noko seksuelt

Då dei tre kvinnene, Margaret Stern, Pauline Hillier og Josephine Markmann, forklarte seg i retten, gjorde dei det klart at det ikkje låg noko seksuelt i handlingane deira, heller ikkje var det meininga å fornærme nokon. Det einaste dei ville oppnå var å støtte den fengsla tunisiske kollegaen sin.

Inna Sjevsjenko er medlem i feministgruppa Femen.

Inna Sjevsjenko i Femen varslar fleire topplausaksjonar i Tunisia. Her i aksjon i Vatikanet tidlegare i år.

Foto: VINCENZO PINTO / Afp

Dommaren vart ikkje imponert over forklaringa deira, og han dømde dei tre Femen-aktivistane til fengsel i fire månader og ein dag.

Feministgruppa Femen er opphavleg ukrainsk, men har fått medlemer frå mange andre europeiske land.

Varslar nye aksjonar i Tunisia

Etter at dommen vart kjend, sa Femens leiar i Paris, Inna Sjevsjenko, at gruppa vil halde fleire demonstrasjonar i Tunisia.

– Dette er ein politisk dom som viser Tunisias diktatoriske karakter. Dei finn det lettare å putte jenter i fengsel enn å akseptere at kvinner har rett til sjølve å bestemme kva dei skal gjere med kroppane sine, sa ho blant anna.

Den franske advokaten til dei tre fengsla kvinnene seier i ein kommentar at straffa dei er dømde til er svært hard. Han kallar dommen eit grovt brot på ytringsfridomen, ikkje berre for desse jentene, men for ytringsfridomen generelt.

Det var tungt vakthald utanfor rettsbygningen i Tunisia.

Det var tungt vakthald utanfor rettsbygningen i Tunis i dag.

Foto: FETHI BELAID / Afp

LES OGSÅ: Topplause protestantar må vente på dom i Tunisia

LES OGSÅ: Nakenprotest for løslatelse av kvinneaktivisten Amina Tyler

LES OGSÅ: Puppeprotest mot paven

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt