Hopp til innhold

Topp-politikarar og mafia-gudfedre tiltalte i same rettssak

Ein tidlegare italiensk innanriksminister, Nicola Mancino, er tiltalt i same rettssaka som den tidlegare Costa Nostra-sjefen Salvatore «Udyret» Riina.

Salvatore Toto Riina gestikulerer under rettssaken mot ham i 1993.

Salvatore Riina under rettssaka mot han i 1993.

Foto: GIULIO BROGLIO / AP

Rettssaka starta i Palermo på Sicilia i dag, og bakgrunnen er skuldingar om at italienske politikarar og andre representantar for statsmakta inngjekk ein hemmeleg avtale med mafiaen i eit forsøk på å stanse ei rad dødelege bombeangrep tidleg på 1990-talet.

Tidlegare innanriksminister Nicola Mancino.

Tidlegare innanriksminister Nicola Mancino er tiltalt for å ha samarbeidd med mafiaen.

Foto: ENRICO OLIVERIO / AP

21 menneske vart drepne i det som blir kalla den sicilianske mafiaen sin krig mot den italienske staten. Aktoratet i rettssaka meiner at bombeangrepa vart stansa i 1994, etter at den profilerte politikaren Marcello Dell'Uttri forhandla fram ein avtale med mafiaen.

Etter Falcone-drapa

Dell'Uttri, som også er tiltalt i saka, er tidlegare senator og ein nær medarbeidar av tidlegare statsminister Silvio Berlusconi. Påtalemakta meiner at dei hemmelege forhandlingane vart innleidde etter at anti mafia-dommaren Giovanni Falcone vart drepen i eit bombeangrep saman med kona si og tre livvakter.

Aktoratet meiner at det faktum at staten sa seg villig til forhandlingar med mafiaen, opna dørene for nye bombeangrep. Her viser dei til drapet på sjefaktoren Paolo Borsellino. Aktoratet meiner han vart drepen fordi han visste om forhandlingane og var sterkt imot dei.

Blant dei som er tiltalte i saka er den fengsla Cosa Nostra-leiaren Salvatore «Udyret» Riina, kjend som ein av dei mest brutale leiarane den sicilianske mafiaen har fostra. Også andre tidlegare mafiatoppar, som Leoluca Bagarella og Antonio Cina, er tiltalte i saka.

Giovanni Falcone fotografert i 1986.

Giovanni Falcone vart drepen i eit bombeangrep saman med kona si og tre livvakter.

Foto: GERARD FOUET / Afp

Salvatore Riina er ein av dei som er dømde for drapet på Borsellino i 1992.

LES OGSÅ: - Mafiaen sterkare enn staten

LES OGSÅ: Mafiaen største bedrifta i Italia

Skal snakke via videolink

Ingen av desse skal møte i retten. Dei skal forklare seg via ein videolink frå fengselet. Også mafia-avhopparane Giovanni Brusca og Massimo Ciamcimino er blant dei tiltalte. Dei er også med via videolink frå ein ukjend stad.

Også tre tidlegare polititoppar, Antonio Subranni, Mario Mori og Giuseppe De Donna, er tiltalte i saka, melder nyheitsbyrået AFP.

President Giorgio Napolitano er venta å måtte stille som vitne i saka, saman med fleire andre nobilitetar, melder BBC.

Påtalemakta meiner at mafiaen stansa bombeangrepa mot lovnader om kortare straffer og betre soningsforhold for fengsla mafiamedlemer.

LES OGSÅ: Mafiaboss teken etter 16 år

LES OGSÅ: Italiensk mafiaboss tatt etter 14 år på rømmen

– Kjempa mot mafiaen

Nicola Mancino var innanriksminister då forhandlingane skal ha gått føre seg, Han protesterte kraftig mot å vere tiltalt i same rettssaka som blant andre Salvatore «Udyret» Riina. Mancino er tiltalt for å ha gitt falsk forklaring til politiet.

– Eg har alltid kjempa mot mafiaen. Eg kan ikkje vere i same rettssaka som desse mafiasjefane, sa han før rettsforhandlingane starta. Advokatane hans arbeider no for at han skal stillast for retten i ei eiga sak.

Ein av aktorane i saka, Vittorio Teresi, at Mancino også vil bli tiltalt for å ha gitt hjelp til mafiaen.

Også alle dei andre tiltalte representantane for den italienske statsmakta nektar straffskuld i saka.

LES OGSÅ: Bryllaupsfest i Corleone

LES OGSÅ: "Gudfaren" brukte kodar frå Bibelen

– Feie under teppet

– Staten kan ikkje lenger feie medansvaret sitt under teppet i denne saka, sa sjefaktor Antonino Di Matteo til journalistar før rettssaka starta i domstolen i Palermo i dag. Tryggingstiltaka i og rundt rettsbygningen er massive.

Rettssaka startar på dagen 20 år etter at eit bombeangrep utanfor det vidgjetne Uffizi-museet i Firenze tok livet av fem menneske, blant dei eit nyfødd barn.

LES OGSÅ: Hun endret mafiaens status i Italia