Hopp til innhold

Topp-matador spidda av oksen

Ein av dei fremste tyrefektarane i Spania denne sesongen, Julian «El Juli» Lopez, vart skadd av oksen han kjempa mot i Pamplona i går kveld.

Her blir "El Juli" spidda av oksen i Pamplona.

Julian Lopez får eit ublidt møte med horna til oksen.

Foto: ELOY ALONSO / Reuters

Det er uklart kor alvorleg skadd han er, men nyheitsbyrået AFP seier at han vart operert på tyrefektarstadion. Det gjekk verst ut over testiklane, blir det opplyst.

«El Juli» er ein av dei mest prominente tyrefektarane som deltek i tyrefektingane under den verdskjende San Fermin-festivalen i Pamplona.

Festivalen, som eigentleg er ein fest til ære for helgenen St. Fermin, skytsengelen til Pamplona, vart kjend utanfor Spania gjennom forfattaren Ernest Hemingway og boka «Og solen går sin gang» (And The Sun also Rises).

Kvart år reiser fleire tusen utlanlandske turistar til festivalen, som er prega av utagerande festing og dei vidkjende okseløpa kvar morgon under festivalen.

Oksane som skal delta i tyrefektingane om kvelden blir jaga ut i gata som fører til tyrefektararenaen, og turistar og innfødde spring framfor oksane i det som frå gammalt av har blitt sett på som ei lita manndomsprøve.

Kvart år blir folk skadde under okseløpinga, og mange har mist livet, men hittil i år har det ikkje vore dødsfall.

Oksen har fått Julian Lopez på hornet.

Her går det skikkeleg ille for tyrefektaren 'Eli Juli' i Pamplona i går kveld.

Foto: ELOY ALONSO / Reuters

LES OGSÅ: 60 skadd i Pamplona

LES OGSÅ: Nedgangstider for spanske okseløp

LES OGSÅ: Peta protesterer mot okseløp

SISTE NYTT

Siste nytt