NRK Meny
Normal

Tolvåring dømt for drap på sin nynazist-far

Ein tolv år gamal gut er i ein domstol i California kjent skuldig i forsettleg drap på sin eigen far, som var nynazist. Guten var ti år då drapet skjedde.

White Supremacist Killing

DREPEN AV SIN EIGEN SON: Nynazisten Jeff Hall frå California blei drepen av sin eigen ti år gamle son. Sonen risikerer ungdomsfengsel til han er 21 år gamal.

Foto: Sandy Huffaker / Ap

Guten var 10 år då han skaut sin eigen far i hovudet i mars 2011. Faren var leiar av nazistgruppa the National Socialist Movement, og var ein kontroversiell figur i lokalsamfunnet Riverside i California.

Med hans eigen pistol

På drapsdagen fekk guten tak i ein pistol frå ei hylle i foreldra sitt rom, og gjekk ned trappa og fann faren sovande på sofaen.

Han har forklart at han stod under ein meter unna, retta pistolen bak øyra til faren, og skaut han.

Rettssaka varte i to veker. Guten har forklart at han blei utsatt for overgrep av faren, og sa han frykta for tryggleiken til resten av familien. Guten forklarte at han også var sint fordi fordi faren slo og sparka han når han var sint eller drakk, skriv The press-enterprise.

Fleire vitne har også stadfesta at faren ofte banka den unge guten.

Faren heldt nazi-møter heime

Forsvararane har forsøkt å overtyde retten om at han var for liten til å forstå forskjell på rett og gale, og for ung til å skjøne konsekvensane av gjerninga si.

I tillegg argumenterte forsvaret med at guten var oppvaksen i ein valdeleg kultur, ettersom heimen var arena for fleire nynazist-møter, ofte frekventert av Ku Klux Klan-medlemar, og prega av vald og våpenbruk.

Trudde alt skulle gå bra

Den unge guten hadde allereie som 10-åring ei valdeleg historie bak seg. Mellom anna skal han ha stukke systera si og medelevar med ein blyant, og han skal ha prøvd å kvele ein lærar med ei telefonleidning.

I eit politiavhør etter drapet spurte guten politiet om faren var død eller om han kom til å klare seg. Han skal ha sagt at han ville lære faren ein lærepenge, og håpte dei kunne vere ein lukkeleg familie etter at han kom ut av sjukehuset.

I retten blei det også sagt at guten ville drepen faren fordi han frykta at faren skulle skille seg frå stemora og oppløyse familien, skriv LA Times.

Straffeutmålinga vil bli kunngjort først 15. februar, men guten risikerer å bli sendt til eit ungdomsfengsel der han kan bli verande til han er 23 år gamal.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt