Tok til gatene i glede i Tripoli

Det braut ut spontane gledesdemonstrasjonar fleire stader i Libya i dag, då meldinga om at Gaddafi-sonen Saif al-islam var pågripen i ørkenbyen Obari sør i landet.

Video Gledesscener på Martyrplassen

VIDEO: Feirar at Saif al-Islam er arrestert.

Saif al-Islam Gaddafi vart teken til fange 19. november 2011.

Free Libya TV har viste bilete av Saif al-Islam etter arrestasjonen.

Foto: REUTERS TV / Reuters

– Endeleg er vi fri. Alluh Akhbar, Gud er stor, blir det ropt frå folkemengda i Martyrplassen i hovudstaden Tripoli. Både born, kvinner og menn samla seg for å rope ut si glede over at endå ein framståande medlem av Gaddafi-klanen var sett ut av spel.

Det var ei væpna gruppe frå Zintan som pågreip Saif al Islam tidlegare i dag.

Prøvde å storme flyet

Luis Moreno-Ocampo er aktor ved Den internasjonale straffedomstolen i Haag.

Luis Moreno-Ocampo vil snarast råd reise til Libya.

Foto: THIERRY GOUEGNON / Reuters

Saif al-Islam var teken i fly frå Obari til Zintan. Der prøvde ei rasande folkemengde å storme flyet for å hindre han i å kome ut, men vakter skal ha greidd å roe ned dei rasande menneska.

Ein kommandant for den væpna gruppa som pågreip diktatorsonen, Bashir Thaelba, seier at han blir verande i deira varetekt fram til det er danna ei ny regjering i Libya. Det er venta at det kan skje i løpet av nokre få dagar.

Saif al-islam Gaddafi er ettersøkt av Den internasjonale straffedomstolen ICC, og ein talsmann for domstolen, Fadi El-Abdallah, seier til nyheitsbyrået AFP at det er Libyas plikt å utlevere han til domstolen.

Han skal tidlegare ha tilbode seg å overgi seg til ICC, men han vart ikkje samd med domstolen om vilkåra.

Internasjonale lover

Florence Ocara, talskvinne for sjefsaktor ved ICC, Luis Moreno-Ocampo, seier at dei no samarbeider med libyske styresmakter for å sikre at Gaddafi-sonen blir behandla etter internasjonale lover.

Ho seier også at Moreno-Ocampo som snart det er praktisk mogleg vil reise til Libya for å diskutere situasjonen til Saif al-Islam med styresmaktene.

EU ber i ettermiddag dei nye makthavarane i Libya om å sikre at Saif al-islam blir stilt for retten i samarbeid med ICC.

Saif al-islam var den mest sannsynlege etterfølgjaren etter Muammar al-Gaddafi, som leidde Libya med jernhand i over 40 år før han vart styrta og seinare drepen tidlegare i år.

LES OGSÅ: Ser lyst på Libyas oljeframtid

LES OGSÅ: UD godkjente eksport av norsk dataprogram til Gaddafis elitestyrker

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt