Hopp til innhold

Tok kontroll over oljeforsyning

Opprørarane i Libya skal ha stengt av ein oljeleidning som transporterer råolje til eit raffineri nær Tripoli.

Opprørsstyrkar nær Zintan

Libyske opprørsstyrkar patruljerer nær Zintan, området der dei måndag skal ha stengt av ein oljeleidning.

Foto: ANIS MILI / Reuters

Regimemotstandarar sperra måndag av forsyninga av olje som blir frakta via røyrleidningar frå eit oljefelt i sør til Zawiyah-raffineriet like ved hovudstaden.

– Dei har stengt av oljeleidningen i Rayayna, seier Juma Ibrahim som er talsmann for opprørarane til Reuters.

– Dette er eit forsøk på å kvela Gaddafi-regimet, legg Ibrahim til.

Informasjonen er førebels ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

Skyt rakettar mot Misrata

Gaddafi-styrkar skal måndag kveld ha skote tre rakettar mot eit område nær hamna i byen Misrata.

Det kom røyk sigande opp frå staden der rakettane råka, men det har så langt ikkje vorte rapportert om drepne eller såra, ifølgje ein Reuters-korrespondent som er i byen.

Hamnebyen Misrata har byta hender fleire gonger sidan opprøret starta i februar i år. Det er no opprørsstyrkane som har kontroll over det som er den tredje største byen i landet.