Hopp til innhold

Tok bankranaren i farta

Dette blinkskotet frå eit overvakingskamera viser ein fotgjengar som stansar ein ranar på flukt med rundt 230.000 kroner han hadde stole frå ein bank.

Fotgjengar stansa bankranar

Han handla raskt og instinktivt den 29 år gamle polakken som stansa bankranaren.

Foto: SWNS / Scanpix

Den 29 år gamle polske statsborgaren Boris Janowski var på ein spasertur i ei travel handlegate i Exeter i Storbritannia saman med foreldra sine, då ein kar kjem springande med eit skrin i handa og med ei oppkava tryggingsvakt i helane.

Janowski reagerte instinktivt og greip tak i jakka til den flyktande mannen, og dermed kunne tryggingsvakta sikre seg skrinet. Det inneheldt 25.000 pund, rundt 230.000 norske kroner, som ransmannen hadde stole frå ein bank i nærleiken like før.

Både ransmannen og medhjelparen hans, begge to frå London, vart arresterte og fengsla av Exeter Crown Court, etter å ha tilstått forsøk på bankran.

Robert Janowski fekk på si side rosande omtale av dommaren, som avgjorde at den polske statsborgaren skulle få 500 pund, rundt 5000 kroner, for sin heltemodige innsats.

SISTE NYTT

Siste nytt