NRK Meny
Normal

Toghelten Spencer Stone såra i knivangrep

Spencer Stone, ein av heltane frå forsøket på eit terrorangrep om bord i eit tog i Frankrike i sommar, er såra i eit knivangrep i Sacramento i California. Politiet seier at angrepet ikkje er terrorrelatert.

Francois Hollande og Spencer Stone.

Spencer Stone blir takka av Frankrikes president François Hollande for innsatsen etter å ha hindra eit terrorangrep mot eit tog i august på veg til Paris i august.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

Meldingane fortel at Stone er stukken fleire gonger med kniv. Tilstanden hans skal vere alvorleg, men stabil. Angrepet skjedde seint onsdag kveld lokal tid, i dag tidleg norsk tid.

Visepolitisjef Ken Bernard i Sacramento seier i kveld norsk tid at knivstikkinga ikkje var politisk terrorisme.

Visepolitisjef i Sacramento, Ken Bernard.

Visepolitisjef Ken Bernard avviser at angrepet på Spencer Stone var ei terrorhandling. – Det var nattklubbrelatert, seier han.

Foto: Rich Pedroncelli / Ap

– Vi veit at det ikkje har noko med det som skjedde i Frankrike å gjere, det var heller «ei nattklubb-hending», seier han. To personar stakk av frå staden i ein bil like etter knivstikkinga.

Rask behandling

Spencer Stone er knytt til det amerikanske flyvåpenet, og han er stasjonert på Travis Air Force Base i California. Her blir det opplyst at dei etterforskar saka.

Det er uklart kven som knivstakk Stone, og var lenge også usikkert om angrepet hadde noko å gjere med hendinga i Frankrike i august. Stone vart knivstukken i brystet fire gonger.

Avisa Sacramento Bee melder at politiet like etter knivstikkinga ikkje trudde Stone ville overleve angrepet, men at rask behandling på sjukehus gjorde at han no er utanfor livsfare. Politiet etterforskar angrepet, men ingen er arrestert.

Ein polititalsmann sa tidleg til avisa at det ikkje verka å vere eit «hatangrep».

To avhøyrde

Fjernsynsstasjonen KCRA melder at ein mann og ei kvinne er avhøyrde i samband med angrepet.

Sacramento Bee siterer ei kjelde nær etterforskinga på at Stone var saman med to menn og tre kvinner på Badlands Dance Club. Knivstikkinga skjedde på gata utanfor klubben, og det skal ha skjedd etter at han kom i krangel med tre personar der.

Det var 21. august i år at ein passasjer byrja å skyte rundt seg med ein Kalasjnikov på toget mellom Amsterdam og Paris. Stone greidde saman med fire andre å overmanne den radikale islamisten med automatvåpenet. To personar vart såra i angrepet.

Heidra av presidentar

Dei fem amerikanarane vart hylla og heidra både av Frankrikes president François Hollande og USAs president Barack Obama for innsatsen sin. Dei vart tildelte den Den franske æreslegionen og dei er nominerte til det amerikanske luftvåpenet si høgste utmerking for handlingar som ikkje er utførte i strid.

Spencer Stone, Anthony Sadler og Alek Skarlatos

Tre av heltane frå togangrepet. Frå venstre Spencer Stone, Anthony Sadler og Alek Skarlatos. Alle tre er frå Sacramento i California.

Foto: Reuters

Hylles for å ha stoppet terrorangrep

Myndighetene visste om togterroristen

Togheltene fikk æresmedalje

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt