Hopp til innhold

Tog kolliderte med militærkøyretøy – minst fire skadde

Minst fire menneske er skadde etter at eit passasjertog med 70 personar om bord kolliderte med eit pansra militærkøyretøy ved Trosa mellom Vagnhärad og Nyköping i Sverige i dag.

Togulykke i Sverige.

Regiontoget mellom Norrköping og Stockholm etter kollisjonen med eit pansra militærkøyretøy ved Trosa.

Foto: Tt News Agency / Reuters

Dei fire skadde er lokomotivføraren og dei tre som var om bord i militærkøyretøyet. Ifølgje Aftonbladet er ein person alvorleg skadd, truleg ein av dei som var om bord i det pansra køyretøyet. SJ opplyser at lokomotivføraren er lettare skadd.

Den store militærøvinga «Aurora» går føre seg i området, og stridsvogna deltek på denne øvinga. Dei tre skadde høyrer til Södra skånska regimentet (P7).

Stor militærøving

Fleire andre land deltek i den svenske militærøvinga, men Det svenske forsvaret opplyser at det er snakk om eit svensk køyretøy.

– Tre av dei skadde er frå Forsvaret, og lokomotivføraren er også skadd, seier Helena Westerlund i Den svenske redningstenesta til SVT .

Den mest alvorleg skadde er sendt med luftambulanse til Karolinska Universitetssjukhuset i Stockholm, medan to andre er tekne til Nyköpings lasarett, ifølgje Expressen.

SOS Alarm fekk meldinga om ulukka klokka 15.40 i ettermiddag. Togtrafikken står i begge retningar, opplyser SJ.

Togkollisjon i Sverige.

Det er usikkert kva som var årsaka til at eit regiontog kolliderte med eit pansra militærkøyretøy i Sverige i dag.

Foto: Tt News Agency / Reuters
Panserterrengbil 360/det svenske forsvaret

Det var ei pansra personellkøyretøy av denne typen som kolliderte med eit tog i Sverige i ettermiddag.

Foto: Bodil Böös / Forvarsmakten

70 om bord i toget

Redningstenesta opplyser til SVT at det var 70 personar om bord i toget då ulukka skjedde. Redningstenesta arbeider for fullt på ulukkesstaden saman med ambulansepersonell og politiet.

Passasjerane blir no køyrde bort frå ulukkesstaden i bussar.

Trafikverket stadfestar at passasjertoget spora av etter kollisjonen. Dei kan også stadfeste at lokføraren er skadd, utan at dei kan seie noko om omfanget.

Eit augevitne har sagt at det byrja å brenne om bord i toget, men toget skal ikkje ha velta over på sida. Ulukkestoget var eit regiontog på veg frå Norrköping til Stockholm.

Folk som var om bord på toget fortel om eit kraftig brak då toget køyrde inn i stridsvogna. Dei fortel også om tilløp til panikk om bord i toget.

Trosa i Sverige

SISTE NYTT

Siste nytt