Hopp til innhold

Tog har spora av – fleire døde og skadde

Eit tog har spora av på ei jernbanebru over ein motorveg i delstaten Washington. Det blir meldt om minst tre døde og 77 skadde.

Dronebilete frå ulukkesstaden.

Hurtigtoget spora av måndag morgon, lokal tid. Ulukka skjedde like ved byen Tacoma, sør for Seattle i delstaten Washington. Toget var eit nytt tog som var på sin første tur, skriv Seattle Times. Ifølge transportstyresmaktene køyrde toget på eit nytt spor som skulle gjere turen mellom Seattle og Portland raskare.

Men president Donald Trump meiner ulukka viser kor dårleg stilt jernbanen i USA er, og at det difor er viktig at den komande transportplanen blir raskt vedteken.

Det er vogner overalt, forteller konduktøren fra toget som sporet av utenfor Tacoma i delstaten Washington.

Her kommer det dramatiske nødanropet

Fleire døde og skadde

Togselskapet Amtrak melder at det var 78 passasjerar og ei besetning på fem om bord då ulukka skjedde. Talsmann for Pierce County Sheriff, Ed Troyer, seier dei har fleire døde og skadde etter ulukka. Alle dei døde sat i toget.

– Når du ser bileta, ser det frykteleg ut. Men ingen av dei som sat i bilane er så langt blant dei døde. Alle dei som er rapportert døde no, var togpassasjerar.

Talsmann for Pierce County Sheriff Ed Troyer om situasjonen.

Nyheitsbyrået AP melder at tre av passasjerane er døde. I tillegg skal 77 personar vere sendt til sjukehus, ifølge lokalavisa The News Tribune. Fleire av desse skal ha alvorlege skadar. Nokre også livstrugande.

Ein passasjer som var om bord i toget, seier til CBS News at fleire togvogner har spora av. Ulukka skal ha skjedd ved ein skarp sving. Naudutgangane skal ikkje ha fungert slik dei skulle, og passasjerane måtte sparke ut togvindauge for å kome seg ut.

Video frå ulukkesstaden.

Uviss årsak

Det er uklart kva som er årsaka til at toget spora av. Men styresmaktene skal etterforske hendinga. Ifølge nyheitsbyrået AP kan det ha vore ei hindring i sporet som er årsaka til ulukka.

Ei anna årsak enkelte har trekt fram, er at strekninga anten mangla eller ikkje hadde slått på teknologi som automatisk skal bremse tog som køyrer for fort på farlege strekningar. Togselskapet Amtrak stadfestar at strekninga ikkje hadde slik teknologi, trass i at dette var ei heilt ny togstrekning.

Vegen kjem til å vere delvis stengt i fleire dagar framover.

SISTE NYTT

Siste nytt