Hopp til innhold

To soldatar drepne i Afghanistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein afghansk lokal politimann skaut og drap to NATO-soldatar sør i Afghanistan laurdag, opplyser militæralliansen.

– Ein afghansk politimann skaut i dag mot ei gruppe NATO-soldatar. Han drap to av dei, stadfestar NATO sjølv i ei melding.

Gjerningsmannen vart skoten etter ei skotveksling. Førebels vil ikkje NATO gå ut med nasjonaliteten til dei to drepne soldatane.

Politimannen som drap dei to soldatane tilhøyrte det lokale afghanske politiet som har vore trena av USA. Han kom attende frå eit oppdrag saman med NATO-styrken då han opna eld mot dei.

Afghanske tenestemenn, NATO og USA har alle uttrykt bekymring for det aukande talet åtak utført av afghansk politi eller militærstyrkar. Så langt i år er 47 NATO-soldatar drepne i slike åtak – dei fleste av dei amerikanarar.

SISTE NYTT

Siste nytt