Hopp til innhold

Dødeleg piratangrep utanfor kysten av Nigeria

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kapteinen og maskinsjefen på eit bulklasteskip er skotne og drepne av piratar i Guineabukta utanfor Nigeria, opplyser International Maritime Bureau (IMB).

Talsmann Cyrus Mody i IMB seier til nyheitsbyrået Ap at angrepet skjedde i dag tidleg rundt 110 nautiske mil sør for den nigerianske storbyen Lagos. Skipet, som ikkje er identifisert, prøvde å kome seg unna piratane, og kapteinen og maskinsjefen vart drepne i ei skotveksling.

Piratane gav opp

Resten av mannskapet tok dekning, og ingen andre vart skadde. Skipet sette kursen inn mot Lagos of piratane gav opp forfølginga.

For to dagar sidan skaut piratar mot eit anna lasteskip i same farvatnet, og forfylgde skipet i 25 minutt før dei gav opp.

IMB er eit organ som overvakar piratangrep mot internasjonal skipsfart. Tidlegare er det skipstrafikken i Adenbukta på den afrikanske austkysten som har vore mest utsett for piratar.

Tjuveri av lasta

Piratverksemda i Guineabukta har utvikla seg frå å vere væpna ran i ein heller liten skala, til no å gjelde kapringar av større skip og tjuveri av lasta. Dei vestafrikanske piratane har i mindre grad teke mannskap som gislar enn piratane på austkysten. Det mest vanlege er å stele lasta og andre verdisaker om bord.

Vestafrikanske piratar har også utøvd stadig grovare vald mot mannskapet på skipa dei kaprar.

LES OGSÅ: Oljeplattform brant opp i Nigeria

LES OGSÅ: Væpnede vakter beskytter norske skip

LES OGSÅ: 200 skal feire jul i somalisk fangenskap

SISTE NYTT

Siste nytt