NRK Meny
Normal

To pågripne for terrorplanlegging

Politiet i Danmark arresterte i går kveld to personar mistenkte for å planleggje eit terroråtak.

Politiets Efterretningstjeneste (tilsvarande norsk PST) opplyser at dei pågripne er to dansk-somaliske brør, som er mistenkt for å vere i ferd med å planleggje ei terrorhandling. Brørne er 18 og 23 år gamle.

Den eine av dei to vart pågripen i bustaden sin i Aarhus, medan den andre vart pågripen då han kom med fly til lufthamna i København.

Bakgrunnen for pågripinga skal vere avlytting av telefonsamtaler, der dei har diskutert metodar, mål og bruk av våpentypar. Den eine av dei pågripne er også mistenkt for å vore under opplæring i ein treningsleir i regi av terrororganisasjonen Al-Shabaab i Somalia.

Begge dei pågripne er danske statsborgarar og har budd i landet i 16 år.

– Det er oppfatninga til PET at ein har avverja ei konkret terrorhandling, og pågripinga fører difor ikkje til ei endra vurdering av terrortrugselen i Danmark, som framleis må bli sett på som alvorleg, skriv PET i ei pressemelding.

Pågripinga skjer berre ein månad etter at tre personar vart pågripne for tilsvarande terrorplanlegging.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt