Hopp til innhold

To pågripne for terrorplanar i USA

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To menn er arresterte i den amerikanske byen Seattle, mistenkte for å ha planlagt ein terroraksjon.

Dei to, ein frå staten Washington og den andre frå California, er mistenkte for å ha planlagt eit angrep mot eit av rekrutteringskontora til den amerikanske hæren i Seattle.

Ville angripe militærleir

Fjernsynskanalen KIROTV.com melder at dei to mennene, begge amerikanske statsborgarar, opprinneleg hadde planar om å angripe ein militærbase, men at planane vart endra.

Dei to skal ha planlagt å bruke maskingevær og granatar i angrepet.

- Desse to mennene hadde planar om å gjennomføre eit dødeleg angrep mot våre militære på ein stad der dei skal vere tryggast, her heime, sa statsadvokat Jenny A. Durkan. Ho retta takk til vaktsame naboar som hadde varsla om den mistenkjelege framferda til dei to mennene.

Dei to mennene er 33 år gamle bu Khalid-Abdul-Latif frå Seattle og 32 år gamle Walli Mujahidh frå Los Angeles. Abdul-Latif skal ha sagt til ein hemmeleg FBI-agent at angrepet ville vere ei hemn for dei amerikanske soldatane sine kriminelle handlingar i Afghanistan.

Under overvaking

Amerikansk politi har overvaka dei to over ein periode, og overvakarane skal blant anna ha greidd å uskadleggjere våpna dei to hadde utan at dei visste det.

- Desse to mennen er drivne av ein ekstrem og valdeleg ideologi. Dei hadde som mål å drepe menn og kvinner som ville melde seg til dei væpna styrkane for å verne fedrelandet, seier Todd Hinnen, visestatsråd for nasjonal tryggleik i det amerikanske justosdepartementet.

SISTE NYTT

Siste nytt