Hopp til innhold

To opprørshelikopter skotne ned

Regjeringsstyrkane i Libya har skote ned to helikopter som tilhøyrte opprørarane i nærleiken av byen Brega.

Mideast Libya

Tett røyk stig opp frå byen Ajdabiyah, der det går føre seg kraftige kampar mellom regjeringssoldatar og opprørsstyrkar.

Foto: Ben Curtis / Ap

Det var viseutanriksminister Khaled Kaaim som opplyste om nedskytinga på ein pressekonferanse i Tripoli laurdag kveld.

Kaaim kritiserte NATO for å tillata opprørarane å ta av med helikoptra til tross for FN-resolusjonen om ei flyforbodssone over Libya.

– NATO tek parti

Kaaim hevda ifølgje NTB at NATO støttar opprørarane, og stilte spørsmål om resolusjonen gjeld berre regimet eller begge partar.

Internasjonale luftstyrkar rykka i går ut, etter at eit jagarfly kontrollert av opprørarane tok av frå ei flystripe i nærleiken av Benghazi, aust i Libya. Flyet blei avskore av NATO-pilotane, og tvinga til å landa. Ifølgje forsvarsalliansen blei det ikkje brukt våpen i aksjonen.

NATO avviser kritikken frå det libyske regimet, og seier dei ikkje parti med opprørarane i Libya.

– Dette viser at me er upartiske. Flyforbodssona gjeld alle fly. Ei flyforbodssone er ei forbodssone, punktum, var bodskapen frå ein NATO-talsmann i går.

(Artikkelen held fram under biletet)

NATO Libya

Her blir Muammar al Gaddafi sine stridsvogner bomba av NATO-fly den 7 april. Det libyske regimet kritiserer NATO for å ta parti i krigen.

Foto: Ap

25 stridsvogner bomba

Kriginga mellom opprørssoldatane og regjeringsstyrkane held fram søndag, med meldingar om drepne og skadde i Misrata.

NATO seier til nyheitsbyrået AFP at internasjonale luftstyrkar har bomba 25 stridsvogner som tilhøyrte Gaddafi-soldatar i løpet av søndagen.

11 av stridsvognene blei øydelagde på vegen mot den austlege byen Ajdabiya . Dei andre 14 blei bomba i nærleiken av Misrata, lenger vest i landet.

Ifølgje ein talsperson for opprørarane, er minst fire menneske drepne i Misrata i dag. Laurdag skal meir enn 30 personar ha mista livet i dei blodige samanstøytane.


SISTE NYTT

Siste nytt