Hopp til innhold

To omkomne henta ut av skipet

Redningsarbeidet er i gang igjen på det havarerte cruiseskipet «Costa Concordia», etter at det vart stansa i går. To omkomne er henta ut av skipet i dag.

"Costa Concordia"

Redningsrbeidet om bord på «Costa Concordia» er no i gang igjen.

Foto: VINCENZO PINTO / Afp

Ein domstol i Grosseto avgjer i dag om kaptein Francesco Schettino framleis skal haldast i husarrest, eller om han skal tilbake i fengsel. Ein domstol avgjorde tysdag at kapteinen skulle setjast i husarrest, men statsadvokaten har anka avgjerda.

NRK-reporter Øyvind Nyborg, som er på øya Giglio utanfor kysten av Toscana, der grunnstøytinga skjedde sist fredag, seier at det no knyt seg stor spenning rundt resutaltet av den utvida blodprøva som vart teken av kapteinen etter at han kom på land.

Kapteinen vart testa både for alkohol og narkotika, fortel Nyborg.

LES OGSÅ: Avbryter søket på Costa Concordia

LES OGSÅ: - Kom deg om bord igjen, kaptein!

– Vedgjekk feilnavigering

Francesco Schettino før han vart pågripen av politiet.

Kaptein Francesco Schettino før han vart pågripen av politiet sist laurdag.

Foto: ANSA / Reuters

Fleire vitne har fortalt at dei såg Schettini i ein av barane på luksusskipet like før grunnstøytinga fredag kveld.

Det italienske brannvesenet seier at dei no har mellom 12 og 24 timar på seg til å avslutte operasjonen.

Samstundes melder fleire italienske medium i dag at kaptein Francesco Schettino har vedgått overfor politiet feilnavigering då ulukka skjedde. Han skal ha sagt at han gav ordre til å setje kursen bort frå land, for seint.

11 menneske er stadfesta omkomne etter ulukka, medan 22 framleis er sakna etter den dramatiske grunnstøytinga.

– Heidra eks-kaptein

Kapteinen skal også ha sagt til politiet at han valde å seile nær land utanfor øya Giglio for å heidre ein tidlegare kaptein som bur på øya. Han skal ha sagt at han navigerte manuelt forbi øya fordi han kjende området godt, og at han hadde sigla like nær øya tre eller fire gonger tidlegare.

Reiarlaget Costa Croserie har tidlegare sagt at endringa av ruta for å gå så tett inn mot Giglio, ikkje var autorisert av dei. Kaptein Francesco Schettino seier at kursen vart fastlagt då dei gjekk ut frå hamnebyen Civitavecchia tidlegare på dagen fredag.

Schettino har vore utsett for hard kritikk i Italia etter forliset, og kystvaktkapteinen Gregorio De Falco har blitt folkehelt etter å skjelt ut Schettino over telefonen, eit lydopptak som har gått over heile verda.

LES OGSÅ: Eks-sjef kallar kapteinen våghals

Sikta for aktlaust drap

Schettino er sikta for aktlaust drap på fleire menneske og for å ha forlate skipet før evakueringa av passasjerar og mannskap var ferdig. Sjølv avviser kapteinen skuldingane, og seier at han fall av skipet og ned i ein lettbåt.

I dag startar også arbeidet med å pumpe olje ut frå det havarerte skipet. Det er stor frykt for at 2300 tonn med drivstoff som er om bord i skipet, skal leke ut. Havariet skjedde i eit verna havområde.

Miljøvernminister Corrado Clini seier at dei vil gjere alt dei kan for å hindre utslepp frå «Costa Concordia».

SISTE NYTT

Siste nytt