NRK Meny
Normal

To omkom i togulykke i Spania

To personar omkom og åtte vart skadde då toget mellom Madrid og Lisboa krasja med ein anleggsdumpar.

Togkrasj i Spania

Føraren av denne anleggsdumparen omkom i ulykka. Det same gjorde ein passasjer på toget.

Foto: Brigido Fernandez / Ap

Togkrasj i Sørvest-Spania

Ein redningsarbeidar ser på ulykkesstaden der ein anleggsdumpar og eit tog kolliderte i Sørvest-Spania.

Foto: Brigido Fernandez / Ap
Togkrasj mellom Madrid og Lisboa

Eit helikopter flyg over ulykkesstaden der eit passasjertog og ein anleggsdumpar kolliderte sørvest i Spania.

Foto: Brigido Fernandez / Ap

Føraren av anleggsdumparen og ein passasjer på toget omkom i ulykka ved den spanske byen Carmonita, nær grensa til Portugal.

Åtte passasjerar på toget vart lettare skadde i ulykka. Passasjeren som omkom var ei kvinne, skriv nyheitsbyrået AFP.

Skulle lage høgfartsbane

Anleggsdumparen var med på å byggje ei ny toglinje for høgfartstog mellom hovudstadane Madrid og Lisboa.

Denne skal vere klar til å frakte passasjerar innan 2013. Når toglinja er klar, vil reisetida mellom byane bli under tre timar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt

Laster Twitter-innhold

14 åring arrestert for å danse på gaten i Saudi-Arabia

Tenåringen ble pågrepet for «umoralsk opptreden» etter at en video der han danser i gaten i Saudi-Arabia tok av på nettet.