Landbruket er ramma, og inntektsgrunnlaget er borte i fleire kystsamfunn etter tsunamien.
Det er ingen tvil om at innhaustinga kjem til å bli dårlegare etter flodbølgje og etterfølgjande uver i dei verst råka landa.
Kjersti Gjestvang er generalsekretær i UNICEF i Noreg. (Foto: Scanpix)
I Indonesia, Sri Lanka, Thailand og India er særleg ris-hausten råka, og dette fører til at fleire enn to millionar menneske kjem til å trenge matvare-hjelp i lang tid framover.
Spesielt gjeld dette born, fastslår FN. Mange born har mist foreldre eller andre slektningar, og desse treng særleg hjelp, seier Kjersti Gjestvang, generalsekretær i UNICEF Noreg.
Det er gitt svært mykje pengar til offera etter tsunamien, men akkurat no er det ei større utfordring å få ut maten.
Tidlegare i dag melde styresmaktene i Indonesia at dei ikkje kan garantere for tryggleiken til utanlandske naudhjelpsarbeidarar i den Indonesiske Ache-provinsen.
Grunngjevinga var aukande truslar frå opprørs-rørsla i Aceh. Dette kan vanskeleggjere utdelinga av mat i det verst råka området, men førebels seier til dømes Røde Kors at arbeidet deira ikkje er påverka.
Ein del hjelp kjem fram til dei som treng. FNs mat- og landbruksorganisasjon meiner det er særskilt viktig å hjelpe fiskarar og bønder med det dei treng for å kome på beina igjen. På den måten sikrar ein matvareproduksjonen for framtida.
Den generelle matvaresituasjonen i Sør- og Søraust-Asia er god nok til å dekke behova akkurat no, meiner FN.
- Men er det viktig at alle tenker langsiktig, seier Kjersti Gjestvang i UNICEF.