Politiet i Sandviken heldt fredag ettermiddag ein pressekonferanse om skytinga på ein bar i går kveld.
– Det er ei ekstremt alvorleg hending og vi forstår innbyggjarane si frykt og bekymring, sa politiområdeleiar Catarina Bowall.
Vidare seier politiet at dei søker etter ein gjerningsperson, som forlét åstaden til fots.
Politiet mistenker at drapa kan vera eit ledd i ei personleg konflikt, og at det er tvilsamt at det har ei kopling til dei pågåande nasjonale gjengkonfliktane.
– Men det er høgst usikkert, sa etterforskar Karin Wessen på pressekonferansen.
Dei utelukkar ikkje at skytinga kan vera ein del av eit lokal gjengoppgjer.
Derfor etterforskar dei framleis hendinga bredt, og ber personar som kan ha relevant informasjon ta kontakt. Dei utelukkar ikkje at det kan vera skylda ei lokal gjengkonflikt, men
Wessen seier til SVT at politiet har kjennskap til den eine drepne frå før, men vil gje ein ytterlegare kommentar på det per nå.
Totalt fire personar trefte
Torsdag kveld rykte både politi og fem ambulansar ut til ein bar i Sandviken i Sverige, etter meldingar om skyting.
Gjerningspersonen skal ha kome til baren på ein firehjuling, før personen tok seg inn i lokalet og begynte å skyte, skriv SVT.
Minst fire personar hadde skotskadar då politiet kom fram til staden. På dette tidspunktet var to av desse livstruande skada.
Politi og ambulanse rykte i går kveld ut til ein bar i Sandviken i Sverige, som ligg 13 mil nord for Uppsala.
Den svenske politisjefen Anders Thornberg har også uttala seg om hendinga, og sa han hadde vore i kontakt med den lokale politisjefen.
– Våre tankar går først og fremst til dei uskyldig drepne og til deira pårørande. Det er ei omsynslaus handling og me kjem til å gjera alt for å finna dei skyldige, seier Thornberg.
Ein av dei døde skal vere målet
Fredag formiddag bekreftar politiet at to menn, i 20- og 70-åra, seinare døde av skadane.
Politiet har starta ei drapsetterforsking.
– Vi mistenker at ein av dei døde var målet for skytinga. Dei andre personane mistenker vi stod i vegen for kulene, seier talsperson for politiet Magnus Jansson Klarin til SVT.
– Vi undersøker om det er koplingar til dei skyteepisodane som vi har hatt tidlegare i Sandviken, og også til den siste tidas valdsspiral, seier Klarin.
Sverige har slite med eit aukande valdsproblem, med gjengkriminalitet og særleg skyting.
Hittil i år er det registrert 251 skyteepisodar i Sverige.
Kristersson: – Forferdeleg
Under ein pressekonferanse kallar Sveriges statsminister Ulf Kristersson saka for frykteleg.
Sveriges statsminister Ulf Kristersson.
Foto: AFPHan legg til at dette bekreftar at landet står i ei ekstrem valdsbølge.
– Det er eit ekstremt alvorleg lovbrot, der ein går inn og skyt fleire skot inne på ein bar der vanlege folk sit på ein av dei siste sommarkveldane.
– Forferdeleg at uskyldige hamnar i skotlinja, legger Kristersson til.
Stort politioppbod
Personen som skal ha vore målet, er ein av dei to døde.
– Dessverre er den andre altså ein person som ikkje har noko med dette å gjere, seier Magnus Jansson Klarin til TT.
Gjennom natta har det vore stort politioppbod på staden, og det blei gjort undersøkingar av kriminalteknikarar både inne i baren og i området rundt, melder den svenske avisa Expressen.
Eit politihelikopter skal også ha søkt over området, ifølge Aftonbladet.
Ber om tips
Politiet har førebels ikkje pågripe nokon mistenkte for skytinga. Dei ber om tips frå publikum.
– Vi undersøker eventuelle koplingar til andre skytingar og valdshendingar, seier talsperson Klarin til Aftonbladet.
Baren der det skal ha skjedd, skriv på Facebook at dei vil halde stengd i helga:
– På grunn av det tragiske som har skjedd, held vi stengd denne helga. Vi skal ta vare på dei som var til stades.
Sandviken er ein by i Gävleborgs län, nord for Uppsala i Sverige. Det skal bu i overkant av 25.000 menneske der.
Førre gong Sandviken hadde ei større kriminalsak, var i oktober i fjor. Då blei ein 16 år gamal gut funnen skoten og drepen på ei gangbru. Heller ikkje denne saka hadde mistenkte, og ingen blei pågripne.