NRK Meny
Normal

To kvinner berga etter fem månader i øydelagt seglbåt

Tidlegare denne veka vart to kvinner og bikkjene deira berga av eit fartøy frå den amerikanske marinen midt ute i Stillehavet, etter å ha vore i drift i ein øydelagt seglbåt i over fem månader.

Jennnifer Appel (t.v.) og Tasha Fuiava.

Jennifer Appel (t.v.) er ein erfaren siglar, men venninna Tasha Fuiava var heilt blank. No vedgår dei at dei kanskje ikkje hadde førebudd seg godt nok på turen frå Hawaii til Tahiti.

Foto: Mass Communication Specialist 3rd Class Jonathan Clay / AP

Kapteinen om bord i den 50 fot lange seglbåten, Jennifer Appel, fortel at dei starta frå Hawaii i mai og hadde tenkt å bruke rundt tre veker på turen. Ho seier at ho hadde førebudd turen i to år, men at ho eigentleg ikkje visste nok om kva som venta dei ute på havet.

Då dei vart plukka opp var dei rundt 1500 kilometer utanfor Japan, og fleire tusen kilometer ute av den opphavlege kursen.

– Ikkje peiling på segling

Hundar berga i Stillehavet.

Også dyra vart tekne hand om av mannskapet om bord på USS Ashland.

Foto: Mass Communication Specialist 3rd Class Jonathan Clay / AP

– Då eg spurde Natasha om ho ville bli med, sa eg til henne at eg ikkje hadde peiling på kva som ville skje der ute. Ho svarte at det var OK, sidan ho aldri hadde sigla før, sa ho til journalistar etter at dei kom tilbake til Honolulu.

Det meste gjekk gale for dei to kvinnene og dei firbeinte om bord frå starten. Kort tid etter at dei forlèt Hawaii kom dei inn i ein kraftig storm. Motoren stansa, masta vart øydelagt og derfrå vart det berre verre.

Alt det elektroniske utstyret som skulle halde kontakten med omverda gjekk dukken, slik at det ikkje var mogleg å be om hjelp.

Utan motor, med øydelagt mast og utan kontakt med omverda dreiv dei hjelpelause rundt i Stillehavet i fleire månader. Maskinen dei brukte til å gjere saltvatn om til drikkevatn braut saman, men denne greidde dei å reparere. Eitt av dei få lyspunkta på turen, seier dei.

Savnet seiler funnet på øy – skrev «hjelp» med mose

Seilte Norge fra sør til nord på en uke

Hai-angrep

Ei gruppe tigerhaiar gjekk til angrep på den 50 fot store båten. og dei to kvinnene er evig takknemlege for at skroget heldt. For haiane gjekk hardt til verks, kan dei fortelje.

– Det var ofte slik at når vi gjekk til ro for natta, så visste vi ikkje om vi ville oppleve å sjå sola stå opp igjen. Når du tenkjer at dette kanskje var den siste dagen din, det gjer deg audmjuk, sa Jennifer Appel.

Jeennifer Appel og Gary Wise.

Jennifer Appel blir ynskt velkomen om bord i marinefartøyet USS Ashland av kaptein Gary Wise.

Foto: Jonathan Clay / AFP
Tasha Fuiava klatrar om bord i marinefartøyet.

Ei glad Tasha Fuiava klatrar om bord i marinefartøyet USS Ashland.

Foto: Mass Communication Specialist 3rd Class Jonathan Clay / AP

Ho er evig takknemleg for råda ho fekk av erfarne siglarar på Hawaii før dei la ut på ferda.

– Dei sa at vi skulle fylle kvar einaste ledig kvadratmeter med mat. For om vi trudde turen skulle vare i ein månad, så burde vi pakke forsyningar for eit halvt år. Dei sa at det ikkje er mogleg å førestille seg kva som kan skje der ute på havet, seier ho til The Guardian.

Oppsøker pirater i Det indiske hav

Farleg slep

Dei vart først oppdaga av eit taiwansk fiskefartøy, som tok dei på slep. Seglbåten «Sea Nymph» tolte ikkje tauinga, men fiskefartøyet alarmerte redningstenesta på Guam. Dagen etter dukka det amerikanske marinefartøyet opp og berga dei.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt