Hopp til innhold

To gislar frigjevne av FARC-geriljaen

To kvinner som har vore haldne fanga av FARC-geriljaen i fem år, er no frigjevne, ifylgje presidenten i Venezuela Hugo Chávez.

Eit helokpoter med merket til den internasjonale Raudekrossen tok av frå San Jose Del Guaviare i tor
Foto: DANIEL MUNOZ / REUTERS

Den internasjonale Raudekrossen som assisterte operasjonen stadfester at gislane er sette fri.

– Me kan fortelja den gode nyheita at me har hand om Clara Rojas og Consuelo Gonzales no. Me er veldig glade, seier Barbara Hintermann frå den internasjonale Raudekrossen, ICRC.

Har snakka med Chavez

Chávez seier torsdag at han har snakka med dei to gislane på telefon.

Presidenten har også tidlegare har freista å få sett dei to tidlegare politikarane Consuelo Gonzales og Clara Rojas, utan å lukkast.

To helikopter med symbolet til Den internasjonale Raudekrossen tok av frå den colombianske byen San José del Guaviare og henta dei to kvinnene i jungelen no Columbia torsdag.

Eit steg mot fredsavtale?

Dette vert sett på som det fyrste store gjennombrotet på mange år når det gjeld å koma fram til ein fredsavtale mellom den colombianske regjeringa og Revolusjonshæren i Colombia, FARC. FARC er den eldste geriljagruppa Latin Amerika.

SISTE NYTT

Siste nytt