NRK Meny
Normal

To fly krasja i lufta i USA

Fem menneske omkom då to småfly kolliderte i lufta utanfor Denver i Colorado i USA. Sjå den dramatiske amatørvideoen her.

Video nsps_upload_2010_2_7_9_30_4_1356.jpg

VIDEO: Flyet fell mot bakken med stor fallskjerm etter seg.

Eitt av flya var i ferd med å slepe eit seglfly då eit anna småfly kutta slepekabelen. Deretter kolliderte dei to småflya i lufta ikkje langt frå Boulder-flyplassen ved foten av Rocky Mountains.

Flygaren i seglflyet kom frå ulukka utan skade, og han greidde å lande etter kort tid.

Fire av dei omkomne var om bord i flyet som køyrde inn i slepekablen, melder fjernsynsstasjonen WUSA-TV.

Vi ser på videoen at flyet har ein fallskjerm etter seg. Dette er truleg fallskjermen til flyet. Det blir stadig meir vanleg at småfly er utstyrte med fallskjermar, som er mykje større enn fallskjermar som blir brukte av personar.

Etterforskarar har teke seg fram til eitt av flyvraka.

Etterforskarar frå flyhavarikommisjonen har teke seg fram til eitt av flyvraka.

Foto: David Zalubowski / AP

LES OGSÅ: Flydeler funnet utenfor Libanon

LES OGSÅ: Fly skled av rullebanen og krasjet

LES OGSÅ: Tre drept i flyulykke

LES OGSÅ: Militærfly styrtet i Italia

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt