Hopp til innhold

To drepne i skyting i San Francisco

Minst to personar er drepne og sju såra etter at ein mann skaut rundt seg i Cupertino sør for San Francisco onsdag.

California Quarry Shooting

Store politistyrkar jaktar etter den 45 år gamle gjerningsmannen i eit nabolag i Cupertino, San Francisco.

Foto: Paul Sakuma / Ap

Gjerningsmannen skal ha vore ein misnøgd tilsett ved eit steinbrot i byen, ifølgje NTB.

Han skal ha opna eld rundt klokka 12 norsk tid, etter eit arbeidsmøte om tryggingsrutinar ved steinbrotet Hanson Permanente. To er drepne. Av dei totalt sju som er såra, er to alvorleg skadde.

Forsøkte å stela bil - skaut kvinne

Skytinga gjekk føre seg i om lag to minutt. Ifølgje lokalt politi er det ein 45 år gammal lasteoperatør som står bak ugjerninga

– Han møtte opp med handvåpen og rifle, og starta å skyta vilkårleg mot deltakarane på møtet, seier ein talsmann for Sheriffen i Santa Clara, Jose Cardoza til nyheitsbyrået AFP.

Mannen flykta deretter frå åstaden i ein mørk sedan. Kort tid etter blei det varsla om at mannen forsøkte å stela ein bil på ein parkeringsplass i nærleik. Ei kvinne vart skoten i foten i samband med kapringsforsøket.

– Væpna og farleg

Store politistyrkar jaktar onsdag kveld på drapsmannen.

– Han er væpna og farleg, så me ber folk om å vera forsiktige, seier talsmann Cardoza.

Skular i området sende ut ein e-post der dei bad foreldra til 10.400 ungdomar om å halda borna sine heime, som følgje av den utrygge situasjonen.

Saka vert oppdatert.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt