Den israelske kvinna vart drepen då palestinarar frå ein fraksjon i Fatah-organisasjonen skaut mot blen hennar nær den palestinske byen Jenin i dag. Kvinna budde i ei jødisk busetjing på Vestbreidda.
Nokre timar seinare vart ein 37 år gammal døvstum palestinar drepen av israelske soldatar nær Al-Qarara ved grensa mellom Israel og Gaza.
I kveld vart seks palestinarar skadde i to ulike samanstøytar på Gaza-stripa. Ein 14 år gammal gut skal vere livstruande skadd i Khan Yunis, etter å ha blitt skoten i hovudet, melder palestinske kjelder.
Ved grenseovergangen Karni aust for Gaza by at fem ungdomar vart skadde då ei israelsk stridsvogn opna eld, etter at ungdomane hadde kasta steina på ei gruppe israelske soldatar.
I landsbyen Beitunia like ved Ramallah på Vestbreidda vart to Hamas-aktivistar arresterte av palestinske tryggingsstyrkar i dag. Dei palestinske styresmaktene er under sterkt internasjonalt press for å arrestere ytterleggåande palestinske aktivistar.
Tidlegare i dag vart to palestinske tenåringar skadde i Khan Yunis, etter at det vart skote mot dei frå den israelske busetjinga Neve Dekalim, melder palestinske politikjelder til nyheitsbyrået AFP.