Hopp til innhold

To drepne i kamp om ni mill. dollar

Minst to sjørøvarar er drepne i kamp om løysepengane om bord i det greske skipet "Maran Centaurus" utanfor kysten av Somalia i dag.

Sjørøvarar sette fri "Maran Centaurus" i dag tidleg.

Dødeleg drama om bord i 'Maran Centaurus'.

Foto: Maran Tankers / Scanpix/AFP

Eit småfly droppa ein gedigen sekk med pengar på dekket av den kapra greske supertankaren. Dette var avtalt med sjørøvarane på førehand for at dei skulle setje skipet og mannskapet på 28 fri.

Ni millionar dollar

Men synet av den store pengesummen vart for mykje for kaprarane, nokre kjelder seier at det var minst ni millionar dollar i pakken som vart droppa frå flyet. Sjørøvarane byrja å slåst om pengane seg i mellom, og kjelder i miljøet seier at minst to av dei vart drepne.

To kanadiske soldatar bak maskingeværet om bord i "MHCS "Frederictin" i Indiahavet.

Internasjonal overvaking av havområdet utanfor Somalia har ikkje fått slutt på sjørøveriet.

Foto: Marcel Mochet / Scanpix/AFP

Det skal ikkje vere første gong at utbetaling av løysepengar har ført til dødelege samanstøytar blant sjørøvarane.

"Maran Centaurus" er no sett fri, og tankskipet er under eskorte av marinefarty på veg til Durban i Sør-Afrika.

LES OGSÅ: Norsk skip kapret av pirater

LES OGSÅ: Tankskip kapret i Aden-bukta

LES OGSÅ: Tre skip kapret det siste døgnet

Ecoterra International , ei miljøverngruppe som overvakar ulovleg maritim aktivitet i Indiahavet, opplyser at dei siste piratane forlet det greske skipet i dag tidleg. Løysepengane skal vere plasserte i eit kraftig vakta hus i Harardere i Somalia, blir det opplyst.

500 dollar til kvar

Gruppa opplyser også at sjørøvarane var så nøgde med framferda til sjøfolka om bord i "Maran Centaurus", at dei gav 500 dollar kvar til mannskapet "for godt samarbeid".

Om det stemmer at det er betalt ni millionar dollar i løysepengar for det greske skipet er det truleg den største utbetalinga til sjørøvarane utanfor Somalia nokon gong.

Dei 28 sjøfolka om bord i "Maran Centaurus" kjem frå Filippinane (16), Hellas (ni), Ukraina (2) og Romania (1).

LES OGSÅ; Vant ikke krigen mot pirater

LES OGSÅ: Norsk skip beskutt av pirater

SISTE NYTT

Siste nytt