To miitante leiarar, ein frå Al Aqsa og en frå Hamas, vart drepne i eit helikopterangrep på Gazastripa i dag. Det var ikkje mykje att av bilen deira. (Scanpix/AP)
Fleire menneske skal vere skadde i angrepet. Ein av drepne skal vere Hassan al-Madhoun, ein av leiarane for Al Aqsa-brigadane i flyktningleiren Jabaliya
Den andre skal vere Fawsi Abu al-Qoera, sjef for den væpna greina av Hamas i Jabaliya. Og Hamas gjekk straks ut og
sa at det israelske anrgepet har starta ein krig.
- Dei vil mtte betale ein høg pris for dette, sa ein anonym Hamas-talsmann til AFP like etter angrepet.
Den israelske hæren har stadfesta angrepet, og seier det var retta mot Hassan al-Madoun.
Minst 13 palestinarar er drepne i israelske angrep på Gazastripa og på Vestbreidda den siste veka. Angrepa starta etter at fem israelarar vart drepne i ein sjølvmordsaksjon i kystbyen Hadera sist onsdag.
Dette angrepet vart utført av Islamsk heilag krig Jihad, og Israel har lova å øydeleggje den militante organisasjonen sin infrastruktir.
Det har den siste veka også fleire gonger blitt skote rakettar frå Gazastripa mot Israel. Ingen har blitt skadd i desse angrepa. (NRK-AFP-Reuters)