Minst åtte palestinarar, fleire av dei folk som oppheldt seg i nærleiken av bilen, vart skadde i angrepet, opplyser palestinske sjukehuskjelder. Det er uklart kor alvorleg skadde dei er.
Den israelske hæren seier i ei fråsegn dei har angripe to terroristar, som var på veg til å sende rakettar inn i Israel. Israelsk radio melder at dei to drepne er medlemer av den ytterleggåande islamistiske organisasjonen Hamas. Hamas har stått bak mange terroraksjonar inne i Israel dei siste åra.
Angrepet skjedde i den sørlege delen av Gaza by. Palestinske vitne fortel at det vart skote mot bilen frå eit israelsk fly som sirkla over området.
I går kveld vart ein av leiarane i den militære fløya av Hamas drepen i eit israelsk rakettangrep. I dag vart det på nytt skote heimelaga Qassam-rakettar inn i Israel, men gjorde berre materiell skade.
Palestinske born demonstrerer med modellar av Quassam-rakettar etter angrepet mot to Hamas-aktivistar i kveld. (Foto: AFP/Scanpix)