Hopp til innhold

To drepne i eksplosjon i Bangkok

To personar blei drepne og fleire skadde då to etasjar kollapsa som følgje av ein eksplosjon i ei bustadblokk nord i Bangkok tysdag.

Granatangrep mot justisministeren i Thailand

Den thailandske hovudstaden er framleis prega av politisk uro. Her held soldatar vakt etter eit granatåtak mot bustaden til justisministeren i landet den 28 september.

Foto: CHAIWAT SUBPRASOM / Reuters

– To etasjar kollapsa, men me veit framleis ikkje kva som utløyste eksplosjonen, seier thailandsk politi til nyheitsbyrået AFP.

Smellet kom rundt klokka 13 norsk tid i Nonthaburi provinsen. Det var få timar etter at Thailand utvida ein kontroversiell unntakstilstand i Nonthaburi og i tre andre provinsar, inkludert Bangkok.

Unntakstilstanden vart forlenga som følgje av fleire valdelege gatedemonstrasjonar og granatåtak i den thailandske hovudstaden.

SISTE NYTT

Siste nytt