Bilbomba eksploderte midt i semtrum av Sangüesa, 45 kilometer søraust for Pamplona i den baskiske delen av Spania. Dei drepne skal vere politifolk, melder den spanske avisa El Mundo si nettutgåve. Ein tredje politimann er alvorleg skadd, men det skal ikkje vere fare for livet hans.
Fleire forbipasserande skal ha fått lettare skadar.
Eksplosjonen skjedde i ein politibuss som vart brukt som mobilt kontor for å skrive ut identitetskort. Bussen stod parkert på torget i byen.
Lokale styresmakter seier at måten angrepet vart utført på, tyder på at det er den baskiske separatistorganisasjonen ETA som står bak.
Sist søndag var det lokalval i provinsen, der det baskiske partiet Batasuna ikkje fekk delta på grunn av tilknytninga til ETA. ETA står på lista USA har lagt fram over teroristorganisasjonar.
ETA kjempar for ein sjølvstendig baskisk republikk i dei baskiske områda i Nord-Spania og i Sør-Frankrike. Organisasjonen har ikkje gjennomført angrep sidan 8. februar, då ein politisjef i byen Andoin vart skoten av menn som er mistenkte for å vere ETA-agentar.
Spanias statsminister Jose Maria Aznar har avlyst den planlagde reisa si til 300-årsjubileet for St. Petersburg i Russland, då han vart informert om bombeaksjonen.
ETA har tidlegare stått bak fleire bombeaksjonar, både i dei baskiske områda og i Spania elles.