Hopp til innhold

To døde og opptil 70 skadde i ulykke på motorveg

Ein lastebil som frakta brannfarleg materiale eksploderte nær Bologna i Italia. Ifølgje nyheitsbyrået ANSA, er to menneske omkomne og opptil 70 er skadde.

To døde og minst 50 skadd i en eksplosjon på en motorvei i Italia

Ein lastebil som frakta flytande petroleumsgass (LPG) kolliderte med ein annan lastebil, og eksploderte på motorvegen, ifølgje nyheitsbyrået ANSA. Ulykka skjedde rundt klokka 14.00 lokal tid.

Italiensk politi seier at to personar skal vere døde, og mellom 60 og 70 vart skadde i ulykka, melder AP. Nokre av dei skadde har fått alvorlege brannskadar.

Eksplosjonen var så kraftig at den knuste fleire vindauge i bygningar rundt motorvegen. Nokre av dei som vart skadde hadde blitt trefte av knust glas som flaug gjennom lufta, melder den private fjernsynskanalen Sky TG24.

Bologna

Bilete er tatt av ein brannmann i eit helikopter, og viser røyken frå brannen som oppstod då to lastebilar kolliderte på ein motorveg i utkanten av Bologna.

Foto: AP

Ei bru har delvis rast saman som følgje av eksplosjonen. Politiet har lagt ut ein video på Twitter som viser kva som er att av vegbana etter at brua kollapsa.

Laster Twitter-innhold

Eksplosjonen sette også bilar, som stod på parkeringsplassen utanfor ein bilforhandlar under ringvegen, i brann.

Sløkkearbeidet var vanskeleg på grunn av den intense varmen i brannen, og brannmannskapa måtte sette inn helikopter som henta vatn frå ei elv.

Tre timar etter at eksplosjonen skjedde hadde brannmannskapa klart å sløkkje flammane. Dei jobbar framleis med å avkjøle området, ifølgje ANSA.

SISTE NYTT

Siste nytt