NRK Meny
Normal

To døde i protestar mot avsettinga av Sør-Koreas president

I Seoul demonstrer fleire tusen tilhengjarar mot avsettinga av president Park Geun-hye. To menneske har omkome etter samanstøyt med politiet.

Støttespillere av Sør-Koreas avsatte presidenten Park Geun-hye tok til gatene i protest

PROTEST: Fleire tusen sinte sørkoreanarar demonstrerte mot at presidenten deira no vert avsett på grunn av skuldingar om korrupsjon.

Avgjerda om at president Park Geun-hye må gå av har skapt kraftige reaksjonar i Sør-Korea. Sinte og frustrerte gjekk tilhengarar av presidenten ut i gatene i hovudstaden for å protestere.

Fleire tusen demonstrantar skreik og slo mot politiet, og viste at dei var svært misfornøgde med at domstolen har gått inn for at presidenten skal avsetjast på grunn av skuldingar om korrupsjon.

– Vi kan ikkje akseptere denne avgjerda frå retten, seier Park Chang-Sung, ein av dei som leiar protestane mot avsettinga.

Protester i Sør-Korea etter at Park Geun-hye måtte forlate stillingen da hun ble stilt for riksrett for korrupsjonsanklager.

Store protestar

Politiet har forsøkt å stoppe dei store mengdene med demonstrantar og har sett opp bussar som blokkering. Eit vitne fortel til nyheitsbyrået Reuters at politiet også har brukt peparspray mot demonstrantane.

Ein mann i 70-åra fall frå ein av politibussane og blødde kraftig frå hovudet. Han vart send til sjukehus, men vart seinare erklært død. Kort tid etter kom det melding om at endå ein demonstrant var omkomen.

Medan mange av demonstrantane er tilhengjarar av Park, er det også fleire som har kome for å feire.

– I dag er demokratiet i Sør-Korea fødd på ny, seier juridisk rådgjevar for protestane mot Park, Kwon Young-Kook. Han jublar over den samstemde avgjerda frå forfatningsdomstolen.

Fryktar splitting

Sør-Koreas president Park Geun-hye

AVSETT: President Park Geun-hye er frådømt presidentvervet, og landet skal velje ny president innan to månadar.

Foto: POOL / Reuters

Dette er første gong ein demokratiske valt leiar vart avsett i Søre-Korea, og landet må halde nytt val innan to månadar for å velje ein etterfølgjar.

Ekspertar peikar på at den som tek over som president etter Park får mange utfordringar, både politiske og økonomiske.

– Eg trur ikkje det spelar så stor rolle kven som vert president. Nord-Korea er blitt ein svært alvorleg trugsel dei siste månadane, seier Daniel A. Pinkston, ved avdeling for internasjonale relasjonar ved Troy University.

Før dommen kom viste meiningsmålingar at mellom 70 og 80 prosent av sørkoreanarane ønskte at Park vart fjerna. Likevel er det mange som fryktar at avgjerda vil føre til meir splitting i landet.

– Den neste presidenten må gjere to ting: radikale endringar, samtidig som ein må skape stabilitet og forsoning, seier Park Sang-Cheol, ved Institute for Korean Peninsula Strategy i eit intervju med China Global Television Network.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt