NRK Meny
Normal

To born døde etter soppforgifting

To av borna frå familien på 12 som er forgifta av sopp i Haslev i Danmark er døde.

Rigshospitalet i København.

Fem av borna er innlagde ved Rigshospitalet i København med alvorleg forgifting.

Foto: Scanpix Denmark / Reuters

Helsestyresmaktene på Sjælland slo alarm klokka 10.45 i føremiddag. 12 personar, både vaksne og born frå, var forgifta av sopp. Dei vart innlagd på minst fire ulike sjukehus, og fem av borna vart sende til Rigshospitalet i København.

På ein pressekonferanse torsdag kveld opplyser dansk politi at to av borne er døde.

Kvit- eller grøn flugesopp

– Fleire av dei har symptom på at dei har fått i seg grøn eller kvit flugesopp. Nokre av dei har teikn på leverskadar, seier Niels Ebbehøk, som er overlege på Gifttelefonen i regionen Sjælland, til Danmarks Radio.

Han fortel at ein heil grøn flugesopp er dødeleg dose for ein vaksen, og at born toler endå mindre.

– Ein bit kan vere nok til å få symptom på forgifting. Det første teiknet er oppkast og diare, seier Ebbehøk.

Frå same familie

Alle dei 12 som er ramma skal kome frå same familie. Ifølgje Berlingske skal det vere snakk om ein flyktningfamilie.

Danske TV2 skriv at politiet arbeider ut frå opplysingar om at soppen blei inntatt i samanheng med matlaging, men politiet opplyser at dette ikkje er bekrefta.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt