NRK Meny
Normal

Titusenvis marsjerte mot Muhammed-film i Beirut

Hizbollah-leiaren Sayyed Hassan Nasrallah truar med alvorlege konsekvensar, om ikkje USA stansar Muhammed-filmen som har sett sinna i kok i den muslimske verda.

Stor demonstrasjon i Beirut.

Demonstrantane i Beirut hylla både Hizbollah-leiar Sayyed Hassan Nasrallah og Syrias president Bashar al-Assad.

Foto: JOSEPH EID / Afp

Hizbollah-føraren viste seg offentleg for første gong på lenge, då han i kveld heldt ein flammande tale mot USA i samband med den islamistiske organisasjonen sin protestmarsj mot filmsnutten på You Tube.

Hizbollah-leiar Sayyed Hassan Nasrallah.

Sayyed Hassan Nasrallah heldt ein flammande tale til tilhengjarane sine i Beirut.

Foto: Hussein Malla / Ap

Nasrallah talar normalt til tilhengjarane sine via videolink og storskjerm, og det vekte oppsikt då han seint i ettermiddag dukka opp i eigen person for å halde ein 12 minutt lang tale.

Fryktar å bli likvidert

Han held seg vanlegvis i skjul av frykt for at han skal bli likvidert. Sidan 2006, då Hizbollah utkjempa ein blodig krig mot Israel, har han berre vist seg offentleg nokre få gonger. Han er redd for å lide same lagnaden som føregjengaren sin.

Fleire titusen Hizbollah-tilhengjarar deltok i massemønstringa i ein sørleg bydel i den libanesiske hovudstaden Beirut i kveld. Både born, menn og kvinner deltok i demonstrasjonen, og tilhengjarane var nærmast i ekstase under talen til Nasrallah.

Hizbollahs barnebrigradar deltok i demonstrasjonen

Smågutbrigadane til Hizbollah deltok også i protestane i Beirut.

Foto: SHARIF KARIM / Reuters

Demonstrasjonen var også ei støtte til den syriske presidenten Bashar al-Assad, som er midt i ein borgarkrig. Iran og Hizbollah er dei viktigaste støttespelarane al-Assad her igjen.

– Ærekrenkjer profeten

Dei ærekrenkjer profeten, vanærar reinleiken han var fødd inn i, baktalar trua og moralen hans og spottar koranen, sa Nasrallah, og vart møtt med taktfaste rop og øyredøyvande jubel frå tilhengjarane.

Hizbollah-leiaren kravde at USA må forby all distribusjon av Muhammed-filmen, eller så må landet ta konsekvensane av at det blir svært farlege globale etterverknader.

Muhammed-protestar i Beirut.

Fargerik protest mot Muhammed-filmen i Beirut.

Foto: SHARIF KARIM / Reuters

I motsetning til mange andre stader, gjekk demonstrasjonane i Beirut fredeleg føre seg. Sayyed Hassan Nasrallah sa blant anna filmsnutten som er publisert på You Tube, er den mest krenkande handlinga mot muslimar hittil. Verre en koranbrenninga og Muhammed-karikaturane.

Småjentebrigaden i Hizbollah var også med.

Småjenter deltok også i den store demonstrasjonen i Beirut.

Foto: SHARIF KARIM / Reuters

Den sjiamuslimske islamisten sa at dette kan vere saka som sameinar sjiamuslimar og sunnimuslimar i ein felles front mot islam sine fiendar.

Ny blodig dag

Sjølv om protesten i Beirut gjekk fredeleg føre seg, så var det igjen valdelege demonstrasjonar andre stader i den muslimske verda. To menneske vart drepne under kraftige samanstøytar i Peshawar.

Det var blodig uro i Indonesia og i Afghanistan, og det var store demonstrasjonar også på Vestbreidda, i Filippinane og i Jemen.

I Afghanistan sette demonstrantar fyr på bilar og ropte antiamerikanske slagord i hovudstaden Kabul.

– Vi kjem til å forsvare profeten vår heilt til kroppane våre er dekte av blod, skreik ein av demonstrantane i byen.

«The innocence of muslims»

Sist tysdag vart den amerikanske ambassadøren Chris Stevens og tre andre amerikanske diplomatar drepne i eit angrep mot konsulatet i Benghazi i Libya. Før helga var det også angrep mot amerikanske ambassadar i blant anna Egypt, Jemen, Tunisia og Sudan.

Det har vore meir eller mindre valdelege demonstrasjonar mot den amerikanske filmen «Innocence of muslims» i over 20 land.

LES OGSÅ: – Trodde ingen skulle se filmen

LES OGSÅ: Vil demonstrere i Oslo

LES OGSÅ: Hundrevis i nye Muhammed-protester i Afghanistan

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt