Sidan starten av desember har område i provinsen Idlib nordvest i Syria vore mål for syriske og russiske luftangrep. Kampane har blussa opp dei siste dagane, og det har forsterka ein allereie akutt humanitær situasjon, seier FN.
– Opp mot 60.000 menneske har vorte fordrive nordvest i Syria dei siste vekene, i hovudsak frå provinsen Idlib, seier talskvinne Danielle Moylan for FNs nødhjelpskontor OCHA i Syria.
Fleire tusen andre ventar på at kamphandlingane skal minke, slik at dei kan flykte. Sidan midten av desember har luftangrepa og skytinga mot opprørsbastionen auka.
Nye, kraftige angreip
Meir enn 400 luftangrep har vorte gjennomførte i sivile område dei siste 24 timane, melde eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) fredag.
På eit døgn er over 80 menneske drepne i kampar i den siste opprørsbastionen i Syria, sjølv om FN ber om ein nedtrapping, opplyste SOHR. Dei fleste av dei drepne er jihadistar, opprørarar og soldatar alliert med president Bashar al-Assad.
Ifølgje aktivistar i Idlib er meir enn 100 menneske, dei fleste av dei barn, drepne i luftangrepa den siste veka.
30. april trappa den syriske regjeringa opp kampen mot opprørarane i provinsane Hama and Idlib, med støtte frå Russland. Syriske regjeringsstyrkar har sidan tatt tilbake område frå opprørarane i dei to provinsane.
Ein akutt situasjon forverra
Det bur omtrent tre millionar i Idlib. Mange av dei er flyktningar frå andre delar av Syria. Idlib er den siste provinsen i Syria som blir kontrollert av opprørarar. Det er i hovudsak Hayat Tahrir al-Sham, ei gruppe med band til Al Qaida, som dominerer i området.
FN seier lokalbefolkninga manglar drivstoff og at vegane som fører ut av området, er ekstremt farlege. Vegane blir jamleg treft av luftåtak.
Nødhjelpskontor seier vidare at den humanitære situasjonen er forverra, og at vinteren gjer sivile på flukt endå meir sårbare.