Hopp til innhold

Fem ting du (kanskje) ikkje visste om Kennedy-drapet

Drapet på John F. Kennedy er ei historisk hending alle oppegåande folk har høyrt om. Men visste du dei følgande tinga om den historiske hendinga som hendte for akkurat 50 år sidan i dag?

USA-JFK/ File handout image shows former U.S. President Kennedy reaching out to crowd gathered at the Hotel Texas Parking Lot Rally in Fort Worth

John F. Kennedy strekk ut handa si til nokre av dei frammøtte i Fort Worth, Texas. Berre kort tid etter vart han skoten i Dallas, ikkje langt unna. Det visste du kanskje, men visste du desse andre fem tinga om den historiske hendinga?

Foto: HANDOUT / Reuters

Det finst hundrevis av konspirasjonsteoriar kring drapet på Kennedy. Mange drapsmenn har blitt nemnt, og ulike teoriar har versert. Deriblant teoriar om at Lee Harvey Oswald ikkje var åleine om å utføre drapet, men at det var fleire som samarbeida.

50 år etter at drapet skjedde har CNN funne fram fem meir eller mindre ukjente fakta om Kennedy-drapet, som du kanskje ikkje visste frå før.

DOUNIAMAG-US-PRESIDENT-KENNEDY-ANNIVERSARY-OSWALD-FILES

Lee Harvey Oswald, i midten, vart aldri arrestert for drapet på Kennedy. Han vart sjølv drepen same kveld som Kennedy vart gravlagd.

Foto: STF / Afp

1. Lee Harvey Oswald vart aldri arrestert for drapet på Kennedy.

Mannen som er peikt ut til å vere drapsmannen til John F. Kennedy vart aldri arrestert for dette drapet. Oswald vart derimot arrestert for drapet på politimannen J. D Tippitt, eit drap som skjedde berre 45 minutt etter at Kennedy vart skoten. Oswald nekta for begge drapa, og berre to dagar etterpå vart Oswald sjølv skoten då han var under transportering til fengselet.

2. I 1963 var det inga spesiell lov for drap på presidenten i USA.

Sjølv om både Abraham Lincoln, James Garfield og William McKinley hadde blitt drepne før 1963, så var ikkje det å skade eller drepe ein president meir alvorleg enn eit vanleg drap før reglane vart endra i 1965, to år etter drapet på Kennedy.

3. TV-stasjonane droppa alle sine planlagde sendingar i fire dagar.

Berre ti minutt etter at Kennedy var drepen, så gjekk CBS på lufta og annonserte drapet. Etter det starta dei riksdekkande kanalane CBS, NBC og ABC timeslange nyheitssendingar, og droppa alle dei oppsette sendeplanane. Fram til terrorangrepet den 11. september 2001, var drapet på Kennedy den hendinga i amerikansk historie som hadde blitt dekka lengst, utan brot i sendinga.

JFK That Awful Day Lyndon B. Johnson, Jacqueline Kennedy, Malcolm Kilduff, Jack Valenti, Albert Thomas, Lady Bird Johnson, Jack Brooks

Lyndon Johnson vert tatt i eid som ny president av Sarah Hughes, ei kvinne.

Foto: Cecil Stoughton / Ap

4. Kennedy-drapet førte til første og førebels siste gong at ei kvinne har tatt ein amerikansk president i eid.

Berre timar etter drapet vart visepresident Lyndon Johnson tatt i eid som ny president om bord på presidentflyet Air Force One. Det var høgsterettsdommar Sarah Hughes som tok den nye presidenten i eid, og det er første og siste gongen det har skjedd.

JFK Shadow On Dallas

Her budde Edwin Walker, som vart forsøkt drepen av Lee Harvey Oswald, berre åtte månader før Oswald drap Kennedy.

Foto: Ap

5. Oswald hadde tidlegare prøvd å drepe ein motstandar av Kennedy.

Åtte månader før Lee Harvey Oswald drap Kennedy, så hadde han forsøkt å ta livet av antikommunisten Edwin Walker. Walker hadde vore ein kjent kritikar til Kennedy etter at han hadde avslutta ei karriere i det amerikanske forsvaret. Han ville mellom anna ha skuler kor elevane var delt opp etter rase. Etterforsking som fulgte Kennedy-drapet viste at Oswald hadde prøvd å drepe den gamle generalen i sin eigen heim. Walker fekk berre små skotskadar etter drapsforsøket.

SISTE NYTT

Siste nytt