Hopp til innhold

Timosjenko: Har bevis på valfusk

Ukrainas statsminister og tapande presidentkandidat Julia Timosjenko seier ho har bevis på at Viktor Janukovitsj juksa ved valet sist søndag.

Julia Timosjenko er sikker på seier i andre omgang.

Julia Timosjenko seier ho har bevis for at Viktor Janukovitsj vann presidentvalet sist søndag ved hjelp av juks.

Foto: Gro Holm / NRK

- Janukovitsj vil aldri bli ein rettferdig valt president i Ukraina, sa Timosjenko i ein fjernsyntale i kveld.

Ho gjorde det likevel klart at det ikkje er aktuelt med nye demonstrasjonar, lik dei som var etter valet i 2004.

Timosjenko sa i talen at ho vil utfordre sigeren til Janukovitsj gjennom domstolane.


SISTE NYTT

Siste nytt