Hopp til innhold

Timosjenko nektar å gå frivillig

Statsminister Julia Timosjenko nektar å gå av etter at ho tapte presidentvalet i Ukraina.

Julia Timosjenko

NEKTAR Å GÅ: Julia Timosjenko nektar å gå av frivillig, etter at ho tapte valet søndag.

Foto: Alexander Nemenov / Scanpix/AFP

– Regjeringa har ingen planar om å gå av frivillig, seier visestatsminister Oleksandr Turtsjynov, ifølgje Reuters.

Timosjenko viste seg i dag offentleg for første gong sidan ho tapte valet søndag. Ho klaga vinnaren av valet, opposisjonsleiar Viktor Janukovitsj, for juks i samband med valet.

Janukovitsj bad i går Timosjeko gå av .

– Eg vil minne fru Timosjenko om at grunnlaget for demokratiet er folkeviljen. Demokratiske leiarar må alltid akseptere eit valresultat, sa han då.

I dag stilte Timosjenko opp for å leie eit regjeringsmøte. Ho starta møtet med å opne for ein diskusjon om jorbrukspolitikk, som eit signal på at ho vil halde fram som normalt.

Ifølgje nyheitsbyrået DPA meiner analytikarar hennar handlingar er typiske for politikarar som nektar å tape. Dei meiner ho viser at ho held hardt fast om sine politiske ambisjonar.

SISTE NYTT

Siste nytt