Kvinne tiltalt for bestialske barnedrap

Den svenske påtalemakta har tiltalt ei 32 år gammal tysk kvinne for drap på to småborn og drapsforsøk på mor deira i Arboga utanfor Västerås.

Drapa i Arboga sende sjokkbølgjer gjennom Sverige.

Drapa på dei to borna gjorde eit sterk inntrykk på innbyggjararne i Arboga.

Foto: Fredrik Sandberg / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

Arboga-drapa sende sjokkbølgjer gjennom Sverige i mars i år. Dei to borna Max og Saga på fire og to år vart brutalt drepne, truleg med ein hammar.

Motivet kan ha vore sjalusi.

Den 23 år gamle mora til dei to borna vart alvorleg såra, men overlevde. Ho har fortalt at det var ei kvinne som angreip dei, og den tyske kvinna vart arrestert på bakgrunn av blant anna desse opplysningane.

Max og Saga vart fire og to år gamle.

Max og Saga vart berre fire og to år gamle.

Foto: Fredrik Sandberg / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

Ikkje dna-bevis

Aktor Frieda Gummesson vedgjekk på ein pressekonferanse i føremiddag at aktoratet ikkje har dna- eller andre tekniske bevis som kan knyte 32-åringen til drapet.

Drapsvåpenet er heller ikkje funne, sjølv om politiet har ein mistanke om kva hammar som er brukt.

Likevel meiner Gummesson at det er så mange indisiar i saka, og så mange vitnemål som støttar opp om desse, at det er nok til å få den tyske kvinna dømd.

Aktoratet vil avhøyre 56 vitne i saka, som truleg kjem opp i tingsretten løpet av kort tid.

Mora til dei drepne borna har fortalt politiet at ei kvinne kom til einebustaden deira i Arboga og presenterte seg med eit kallenamn, og at ho snakka eit språk som ikkje var svensk. Ho har gitt eit godt signalement av kvinna.

Sjalusi?

Aktoratet vil prøve å bevise at den 32 år gamle tyske kvinne var forelska i sambuaren til den 23 år gamle mora til dei to borna, og at ho ikkje greidde å akseptere at han hadde funne seg ei ny kvinne.

32-åringen skal ha vedgått at ho var i Arboga i det aktuelle tidsrommet, men ho nektar for å ha utført drapa. Ho seier at ho var i området for å leite etter ein gammal runestein ho hadde sett der tidlegare.

Ho reiste tilbake til Stockholm der ho budde same dagen, og dagen etter reiste ho med fly til Tyskland.

SISTE NYTT

Siste nytt